Strandstøvsugar

Klikk for stort bileteArild Ognøy testar strandstøvsugaren. Jardar Havikbotn På strandryddedagen 19. september blei Friluftsrådet Vest sin nyinnkjøpte strandstøvsugar for første gong brukt i kampen mot marin forsøpling.

Han blei testa i Sandvika, der det ligg fleire lag med boss nedover i bakken. Det bensindrivne verktøyet saug godt, så godt at han tok med seg for store partiklar, som sette seg fast.

Les også:

28 på strandryddedag

Hyppige reinskepausar fortalde oss at me ikkje berre kunne stikka skaftet ned til avfallet. Her måtte me sjå an avfallstypen først. Det heile fungerte best då ein annan person mata strandstøvsugaren med det som kunne sugast opp.

Konklusjon: Brukaren må vera tålmodsam og praktisk. Resultatet blir best med hjelp av ein annan person.

Sjå video frå hendinga: