Bjørnis og ordførar Egil Våge har nettopp opna brannstasjonen.
Ingeborg Skjølingstad
Mellom 80 og 100 små og store tok turen til opningsdagen. Det var talar ved Geir Egil Høvring frå GL Prosjekt, brannsjef Dag Botnen i Haugaland Brann og Redning og ordførar Egil Våge.
Bjørnis
Det store trekkplasteret for dei yngste var Bjørnis. Etter å ha vore på utrykking heile natta, låg han og sov i hallen. Ungane fekk raskt vekka han med ropet «Våkn opp, Bjørnis!».
Bjørnis fekk helsa på ungane og var med ordføraren då dei kopla saman brannslangane og markerte at brannstasjonen var opna.
Etterpå var det open brannstasjon med omvising, brannbilar, blålys og høve for ungane til å prøva seg som små brannfolk. Det blei også servert kaffe, saft og kake til dei frammøtte.
Tryggleik og beredskap
Ordførar Egil Våge peika i talen sin på at den nye brannstasjonen er ei viktig investering i tryggleik og beredskap, både for Bokn og regionen rundt. Han takka alle som har bidratt til prosjektet, og trekte fram at stasjonen gir mannskapa betre arbeidsforhold og eit godt utgangspunkt for vidare øving og beredskap.
Med Rogfast i framtida blir ein moderne og framtidsretta beredskap lokalt endå viktigare, meinte ordføraren.
Fleire glimt frå hendinga:
Historie:
Ny brannstasjonstomt
Kontraktssignering, Bokn brannstasjon
Ny brannstasjon til våren
Kranselag