Kranselag - Bokn kommune

Kranselag

24. april var det kranselag i samband med bygginga av ny brannstasjon i Bokn.

Bilde av kranselaget. - Klikk for stort bileteKranselaget markerte ein viktig milepæl i byggeprosjektet. Jardar Havikbotn

Rådgjevar teknisk og miljø, Geir Øvernes, ønskte velkommen i eit fullstappa opphaldsrom - eit rom for framtidig debriefing, kurs, m.m.

I talen sin takka ordførar Egil Våge alle i prosjektet; frå planlegging, prosjektering, prosjektleiing til utførande arbeider, og ikkje minst det gode samarbeidet med Haugaland Brann og Redning (HBRE).

Tryggare kommune

Den nye brannstasjonen vil gi brannvesenet i Bokn og HBRE eit flott bygg med god funksjonalitet i samsvar med dei lovpålagde krava. 
-Me vil få ein betre beredskap, betre arbeidsforhold og ein tryggare kommune, seier ordføraren.

Les også:

Kontraktssignering, Bokn brannstasjon

Blitt knallbra

Bilde av brannsjef Dag Botnen. - Klikk for stort bileteBrannsjef Dag Botnen Jardar Havikbotn

Brannsjef Dag Botnen gler seg stort over at 10 stasjonar i distriktet, i løpet av ein åtteårsperiode, har blitt oppgraderte til å vera innafor lovverket. Han brukar ordet knallbra, og understreker at beredskapen i Bokn er heva på den måten at det er lettare å rekruttera og få dyktige folk inn i rekkene, når fasilitetane og systemet rundt er på plass. 

-Beredskap er viktigare og viktigare, både med tanke på lokal veg og tunell, men også slik det har endra seg globalt. Me ser at beredskap er, og må vera eit satsingsområde. 

-Beredskap er dyrt, men det er mykje dyrare å ikkje ha beredskap, presiserer brannsjefen.

«Til himmelen»

Stasjonsmeister Torleif Tollaksen trekker også fram dei fantastiske fasilitetane den nye stasjonen vil gi. 

-Samanlikna med det me har i dag så blir det nesten som å komma til himmelen, seier han.

Bilde viserBildet viser ordførar Egil Våge, rådgjevar teknisk og miljø, Geir Øvernes, stasjonsmeister Torleif Tollaksen, prosjektleiar Stine Thuen Spissøy, logistikk- og avdelingsleiar i HBR, Ragnar Løfstrøm og kommunalsjef teknisk, Michael Gräfe. - Klikk for stort bileteNøgd gjeng framfor garderobeskapa i Rein sone: frå venstre ordførar Egil Våge, rådgjevar teknisk og miljø, Geir Øvernes, stasjonsmeister Torleif Tollaksen, prosjektleiar Stine Thuen Spissøy, logistikk- og avdelingsleiar i HBR, Ragnar Løfstrøm og kommunalsjef teknisk, Michael Gräfe. Jardar Havikbotn

Han nemner rein og skitten sone, dusj, garderobe m.m.  som den største forskjellen.

-Nå kan du til dømes rykka ut til brannstasjon i dress og gå heim i same dressen, forklarar han, og nemner også det store opphaldsrommet og trimrommet.

Sentral

Brannsjefen fortel at HBRE etter kvart vil etablera seg som deltidsbrannvesen i Bokn og vera her når dei har opplæring, kurs, øvingar, trening og andre samlingar, og sjølvsagt vil dei vera på stasjonen ved hendingar, både til utrykking og etterarbeid.  

Ved ei framtidig hending i Rogfast-tunellen vil HBRE samarbeida med Rogaland Brann og Redning. Sistnemnde tar seg av kompliserte hendingar, men trafikkulykker og bilbrannar vil bli handterte frå Bokn brannstasjon. I tillegg vil stasjonen i Bokn bli heilt sentral når ny E39 kjem, avsluttar brannsjef Dag Botnen.

Les også:

Ny brannstasjon til våren

Ordførar Egil Våge er glad for at bygginga har gått fint og er i samsvar med framdriftsplanen, og at stasjonen sannsynlegvis er ferdig i juni. 

-Det er stas å få ny brannstasjon i Totalberedskapsåret 2026, seier han.

Fleire glimt frå hendinga