906 innbyggarar i Bokn

21. august kom det ei gledeleg melding frå Statistisk sentralbyrå. Bokn har runda 900 innbyggarar - 140 år sidan sist.

Bilde av ordførar og kommunedirektør, som held tomlane opp og gliser breitt. - Klikk for stort bileteMilepæl! -At Bokn nå har passert 900 innbyggarar er verkeleg gledelig, seier ordførar Egil Våge og kommunedirektør Ingeborg Skjølingstad i kor. Jardar Havikbotn

Ordførar Egil Våge og kommunedirektør Ingeborg Skjølingstad kappast om å smila breiast.

Milepæl

-Veldig gledeleg med aukande innbyggartal i kommunen, og at me no har runda 900 stk., nærmare bestemt 906! Dette er ein viktig og positiv milepæl, eit teikn på at Bokn er ein kommune folk vil bu i og bli ein del av, seier ordføraren.

Kommunedirektøren er einig:

-At Bokn no har passert 900 innbyggarar er verkeleg gledelig . Sjølv om me er små i tal, betyr kvar nye innbyggar mykje for fellesskapet, utviklinga og framtidstrua. Dette er ein milepæl som gjer oss stolte, og som gir ny energi til å satsa vidare på eit levande og attraktivt lokalsamfunn! fortel ho.

Sentralt

-Og så må me ikkje gløyma at me ligg sentralt til på Haugalandet for å kunna bu og jobba i regionen. Og om nokre få år vil det og bli sentralt sørover, når Rogfast opnar, skyt Egil Våge inn, og legg til:

-Takk til alle som bidreg til å gjera Bokn til ein god plass å vera, både dei som har budd her lenge og dei som nyleg har flytta hit. Samhald og framtidstru – det er Bokn!

Velkommen til nye boknarar – og gratulerer til oss alle! avsluttar ordføraren.

Tilbakeblikk

Historikaren vår, Birger Lindanger, har fått med seg gladsaka og laga ei historisk oversikt over folketalsutviklinga i Bokn:

I dag fekk me den positive meldinga at me i Bokn etter 140 år på ny har runda 900 innbyggjarar, Startar me rett før Svartedauden, fødde øyane våre kring 350 sjeler. Men pestane greip dramatisk inn, og kring 1520 var det berre 120 boknarar att.

Sjukdom og vanskelege tider heldt folketalet nede, og kring 1700 var dei framleis berre 250. Trass krig og uår gjekk det smått i senn framover, og ved neste hundreårskiftet nådde dei opp i 451.

Fart på folketalet kom fyrst med at silda seig opp under land kring øyane våre. Frå 1815 til 1865 vart folketalet dobla frå 504 til 1061 boknarar, det høgaste talet nokon gong.

Frå 1871 svikta sildefisket. Det førte til at mange boknarar utvandra til USA eller til byane. Fram til 1910 sokk folketalet til under 700, då var det berre 694 boknarar att. Utover på 1900-talet låg folketalet stort sett på 700-talet og i 1975, då eg vart boknar, heldt det til 723 av sorten på desse holmane.

Men etter bruene har folketalet skote i veret, det er mest som fyrst på 1800-talet. Og nå er det altså registrert 906 boknarar. Det lover godt for fedrelandet!