Endring i kven som får faktura (eFaktura)

Frå 18. mars 2024 har bankane gjort endringar som gjeld eFaktura. Det fører til at nokre innbyggarar nå får eFakturaen sendt til seg, som tidlegare blei send til t.d. ektefelle eller sambuar.

pixabay.com

Dei som tidlegare fekk faktura “på vegne av andre”, vil ikkje lengre kunna få denne. Fakturaen vil bli send til den som faktisk eig fakturaen. Dette gjeld alle fakturaer frå kommunen.

Ønskjer du framleis å få eFaktura "på vegne av", må du kontakta banken din for å høyra kva moglegheiter dei tilbyr, ettersom eFaktura er ein avtale mellom deg og banken din.