DJ


Vil du bli DJ?

- Meld deg på Bokn kulturskule sitt eittårskurs

Bildet viser: DJ-undervisning. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bileteDJ-undervisning. Demonstrasjonsbilde.


OM FAGET:

Her får du opplæring i det du treng for å kunne bli ein utøvande DJ. 
DJ-ing er midt i blinken for deg som likar å lytte til forskjellig type musikk og som ynskjer å lage spelelister og styre musikk for andre.

Kva vil du læra: Du vil mellom anna læra grunnleggande kunnskap om DJ-utstyr, beatmatching, miksing, scratching, bruk av effektar, digital programvare, lytteferdigheiter, publikumslesning, etikette og profesjonalitet. 
Du treng ikkje forkunnskapar for å kunne delta.

Kven passar det for: DJ-ing er både lærerikt og kjekt. Elektronisk musikk er i vekst og DJ-ing kan vera ein god måte å engasjera elevar som kanskje ikkje er så interesserte i spela eit instrument sjølv, men som er glad i musikk og teknologi. 

Kva kan DJ-ing brukast til: Ein bakgrunn i DJ-ing kan opna dører for fremtidige karrieremuligheiter, til dømes som klubb-DJ, radio-DJ eller musikkprodusent.


Les meir om kurset her: DJ-kurs beskrivelse (PDF, 34 kB)
 

UTSTYR:

Du må ha Ipad eller PC/MAC og brukarkonto på musikk-strømmetenesta, Spotify eller Tidal. 
Du kan få hjelp med innstallering av app/programvare.

Det kan vera ein fordel å investera i DJ-kontroller for autentisk jobbing og læring, men det går fint å starta utan og jobba via app/programvare på Ipad/PC/MAC - og eventuelt kjøpa DJ-kontroller etter kvart, om det er ønskeleg.


ORGANISERING:

  • Alder: Frå 3. klasse og oppover.
  • Individuell undervisning, 20 minutt leksjon per veke.
  • Dag: Torsdagar mellom kl. 14:30 og 19:00.
  • Stad: Kulturskulen. 

 

PROSJEKT/ARRANGEMENT:

Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet. Det er ikkje eit krav at ein må opptre, men det er forventa at elevane deltek anten som utøvar, medhjelpar og/eller publikum. 


LÆRAR:

Donald Sefa. 
Donald jobbar som DJ i tillegg til å vera lærar i musikkproduksjon, gitar og bandinstrument.


Velkommen som elev i det gode miljøet i Bokn kulturskule!

SØK HER

Bildet viser: Markus Everte - Klikk for stort bileteDJ, Markus Everte, i aksjon under eit arrangement i Bokn Arena. Anne Tove Øvrebø