Bilete viser: Handverk i fri dressurHar du lyst å vera kreativ og laga ulike ting i tekstilar, garn, leire, papir eller med maling?
Då er dette noko for deg!
Me vil prøva ut litt forskjellig alt etter kva gruppa ynskjer.
Her blir det kreativ utfalding i sosialt fellesskap.
Kanskje kan du laga noko fint du kan gi i gåve til nokon?
Du vil få god individuell rettleiing gjennom oppgåvene som blir gitt.
Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.
Stad, dag og tidspunkt:
- Stad: Kulturskulen.
- Tysdagar i tidsrommet 14:30 - 17:30.
Type:
Gruppeundervisning. Gruppene blir delt inn etter alder.
Varigheit pr. gruppe ca. 45-60 min. pr. veke.
Eigenandel/pris pr. semester:
Kr 1 128.
Undervisningsmateriell på kr 225 kjem i tillegg til semesteravgifta.
Påmeldinga er bindande for eitt år om gongen. Ønsker du ikkje å halda fram undervisninga til våren, må utmelding skje skriftleg innan 1. november det pågåande skuleåret.
Påmelding:
Du får svar om du har fått plass kort tid etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du motta e-post med nærare informasjon og nøyaktig tidspunkt for timen.
Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar.
Undervisningstilbodet blir avhalde dersom nok påmelde.
Søk her