GITAR


Meld deg på gitarundervisning i Bokn kulturskule


For alle frå 3. klasse og oppover


Søknadsfrist: 12. juni


 

Bildet viser: Gitarundervisning. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bileteGitarundervisning. Demonstrasjonsbilde.

Lær å spela gitar


Her vil du få den opplæringa du treng for å kunne bli ein god gitarist!
Du vil læra om tabulatur og besifring, koordinasjon, rytme/puls/timing, grooves, riff, improvisasjon, musikalitet og musikk- og sjangerforståing. 

Dette er plassen for deg, anten du er nybegynnar eller vidarekomen. 
Tilpassa og utviklande undervisning etter nivå og ønske - i samspel med instruktøren.
Undervisning i gitar vil også gi moglegheit for samspel i gitargruppe eller andre andre samspelsamansettingar.

Det er viktig at du har gitar å øva på heime. 
Det finst fleire variantar gitar å velja mellom, som til dømes akustisk gitar med nylon- eller stålstrenger, samt el-gitar. Nokre gitarar finst også i storleiken ¾ skala og 4/4.
Dersom du er usikker på kva du bør ha, er kulturskulen gjerne behjelpeleg med råd og veileiing i forhold til innkjøp av passande instrument. 
Det er også moglegheit for å kunne leiga klassisk gitar (nylon) av kulturskulen. 
 

Stad, dag og tidspunkt:

  • Stad: Kulturskulen.
  • Torsdagar mellom kl. 14:30 og 19:00.
     

Individuell undervisning, 20 minutt leksjonar pr. veke.

Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.


Eigenandel/pris pr. semester:
Kr 1 353.

Nødvendig undervisningsmateriell som t.d. notebøker kjem evt. i tillegg til semesteravgifta og vil i tilfelle bli lagt til på same faktura som semesteravgifta.

Påmeldinga er bindande for eitt år om gongen. Ønsker du ikkje å halda fram undervisninga til våren, må utmelding skje skriftleg innan 1. november det pågåande skuleåret.
 

Påmelding:
Du får svar om du har fått plass kort tid etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du motta e-post med nærare informasjon og nøyaktig tidspunkt for timen.

Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar. 
 

Søk her