Bildet viser: Dansekurs 5. - 8. klasse
Om kurset:
Fokus på danseglede.
Timane startar med oppvarming, vidare jobbar me med koreografi til ein dans i blanding av hip hop/jazz, som me viser fram for eit avgreinsa publikum tysdag 17. juni.
Jazz er ein klassisk inspirert dansestil samansmelta med rytmisk musikk. Hip hop er ein urban dansestil med meir funky takt og rytme.
Kva bør ein ha med på kurset:
Det er viktig å ha mjuke klede å dansa i.
Hugs å ha med vannflaske med namn på - ein blir gjerne tørst når ein dansar.
Dato, tidspunkt og stad:
Hallen, Bokn Arena:
Tysdag 20. mai kl. 17:00 - 18:00.
Torsdag 22. mai kl. 16:00 - 17:00.
Tysdag 3. juni kl. 17:00 - 18:00.
Torsdag 5. juni kl. 16:00 - 17:00.
Tysdag 17. juni kl. 17:00 - 18:00 med framsyning for føresette og kommunestyret kl. 18:00.
Kursavgift:
Kr 620.
Påmelding til kurset er bindande.
Etter påmelding vil du motta betalingsinformasjon.
Kurset blir avhalde dersom nok påmelde.
Instruktør/danselærar:
Siri Nesse
Meld deg på her