DANSEKURS 2. - 4. KLASSE


Påmeldingsfrist: TORSDAG 15. MAI.


Oppstart tysdag 20. mai 2025.
 

Bildet viser: Dansekurs 2. - 4. klasse


Om kurset:
Det vil vera fokus på danseglede, kreativitet og å bevega seg til ulike typar musikk. 
Elevane lærer ein dans, som dei utøver og viser fram for eit avgreinsa publikum 17. juni.

Kva bør ein ha med på kurset:
Det er viktig å ha mjuke klede å dansa i.
Kan også vera lurt med ein hårstrikk dersom ein har langt hår.
Hugs å ha med vannflaske med namn på - ein blir gjerne tørst når ein dansar.

Dato, tidspunkt og stad:
Hallen, Bokn Arena:

Tysdag 20. mai kl. 16:15 - 17:00.
Torsdag 22. mai. kl. 15:15 - 16:00.
Tysdag 3. juni kl. 16:15 - 17:00.
Torsdag 5. juni kl. 15:15 - 16:00.
Tysdag 17. juni: 16:15 - 17:00 med framsyning av innøvd dansenummer for føresette og kommunestyret kl. 18:00.

Kursavgift:
Kr 500.

Påmelding til kurset er bindande. 
Etter påmelding vil du motta betalingsinformasjon.

Kurset blir avhalde dersom nok påmelde.

Instruktør/danselærar:
Siri Nesse

Meld deg på her