Bandundervisning. Demonstrasjonsbilde.Her vil du få utøva pop og rock i godt samspel med andre
Bandet blir sett saman etter instrumentønske, alder og nivå.
4 - 8 elevar i gruppa.
Undervisning på instrumenta vokal, piano, gitar, bass og slagverk.
Kva skal me jobba med:
Her vil du læra å spela pop og rock i samspel med andre - og med god støtte og opplæring av instruktør. Gjennom innlæring av låtar, vil ein utvikle kunnskap om akkordprogresjonar, besifring, tabulatur, rytme og time, formidling og grunnleggande teknikk, tilpassa ditt instrument. Ein jobbar saman med å forme musikken og skape det uttrykket ein ynskjer å formidla.
Du må ha instrument/utstyr å øva på heime. Du treng ikkje å ha med instrument til bandtimen på kulturskulen.
Ved påmelding må du skriva ønska instrument i prioritert rekkefølge.
Me gjer vårt ytste for å imøtekomma instrumentønske, men det er ikkje garanti for at du får førsteønsket ditt.
Stad, dag og tidspunkt:
- Stad: Kulturskulen.
- Torsdagar mellom 14:30 - 19:00.
Gruppeundervisning, 45-60 minutt leksjonar pr. veke.
Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.
Eigenandel/pris pr. semester:
Under 18 år: Kr 1 128.
Frå 18 år: Kr 1 692.
Nødvendig undervisningsmateriell som t.d. notebøker kjem evt. i tillegg til semesteravgifta og vil i tilfelle bli lagt til på same faktura som semesteravgifta.
Påmeldinga er bindande for eitt år om gongen. Ønsker du ikkje å halda fram undervisninga til våren, må utmelding skje skriftleg innan 1. november det pågåande skuleåret.
Påmelding:
Du får svar om du har fått plass kort tid etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du motta e-post med nærare informasjon og nøyaktig tidspunkt for timen.
Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar.
Undervisninga er med atterhald om nok påmelde.
Søk her