Teikning - Kurs 2. Demonstrasjonsbilde.
Kva går kurset ut på:
Her får du oppleva teikneglede i kombinasjon med opplæring i ulike teknikkar og ferdigheiter som gjer deg til ein betre teiknar.
Eit kreativt kurs der du får utvikla talentet ditt og bruka dine kunstneriske evne i trygge rammer.
Du vil læra grunnleggande teknikkar i teikning både med blyantar, fargar og penn. Me jobbar med å få fram ulike effektar i eit motiv, som til dømes kontrastar, djupne og dimensjonar.
Me jobbar med ulike former, storleik og proporsjonar, plassering/komposisjon og overflate/struktur. Samt at me finn det me er sterke på, som kan gi kunstverket eit personleg “touch”.
Du vil få individuell rettleiing og god tid til å øva på ferdigheitene gjennom oppgåvene som blir gitt i løpet av kurset.
Me lagar ei utstilling av verka frå kurset, som blir å sjå i juni, i eit felles prosjekt for heile kulturskulen.
Tidspunkt:
Kurset vil gå føre seg onsdagar og vil vare i 60 minutt i tidsrommet 12:15-15:15.
Kursdatoar:
Februar:
Onsdag 7. februar
Onsdag 14. februar
Onsdag 21. februar
Mars:
Onsdag 6. mars
Onsdag 13. mars
Onsdag 20. mars
April:
Onsdag 3. april
Onsdag 10. april
+ Utstilling ein ettermiddag/kveld i juni. (Dato og tidspunkt kjem.).
Kursavgift:
Kr 1 050 inkl. kursmateriell.
Påmelding til kurset er bindande.
Du får svar om du har fått plass kort tid etter påmeldingsfristen.
Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet og/eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar.
Kurset blir fakturert saman med utsending av faktura for aktivitet i kulturskulen våren 2024.
Kurset blir avhalde dersom nok påmelde.
Instruktør:
Hibbi Mannes
Meld deg på her