Teikning - Kurs 1


Aldersgruppe: 1. - 4. klasse

Påmeldingsfrist: Torsdag 1. februar 2024


Kursoppstart onsdag 7. februar

Bildet viser: Teikning - Kurs 1. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bileteTeikning - Kurs 1. Demonstrasjonsbilde.


Kva går kurset ut på:

Her får du vera kreativ og oppleva teikneglede medan du får utvikla talentet ditt.

Eit kjekt og lærerikt teiknekurs for deg som har lyst å læra grunnleggande teikneteknikkar og korleis ein kan bruka blyantar og fargar for å få fram ulike effektar i eit motiv, som til dømes djupne og kontrastar.
Me lærer oss "å sjå godt etter kva det er me ser" når me skal laga eit kunstverk og finn det me er sterke på, som kan gi kunstverket eit personleg “touch”.

Du vil få individuell rettleiing og god tid til å øva på ferdigheitene gjennom oppgåvene som blir gitt i løpet av kurset.

Me lagar ei utstilling av verka frå kurset, som blir å sjå i juni, i eit felles prosjekt for heile kulturskulen.

Tidspunkt:
Kurset vil gå føre seg onsdagar og vil vare i 45 minutt i tidsrommet 12:15-15:15.

Kursdatoar:
Februar:
Onsdag 7. februar
Onsdag 14. februar
Onsdag 21. februar

Mars:
Onsdag 6. mars
Onsdag 13. mars
Onsdag 20. mars

April:
Onsdag 3. april
Onsdag 10. april

+ Utstilling ein ettermiddag/kveld i juni. (Dato og tidspunkt kjem.).


Kursavgift:
Kr 815 inkl. kursmateriell.

Påmelding til kurset er bindande. 
Du får svar om du har fått plass kort tid etter påmeldingsfristen. 

Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet og/eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar. 

Kurset blir fakturert saman med utsending av faktura for aktivitet i kulturskulen våren 2024.

Kurset blir avhalde dersom nok påmelde.

Instruktør:
Hibbi Mannes

Meld deg på her