Teiknekurs: 4. - 10. klasse


Søknadsfrist: Tysdag 28. mars 2023


Kursoppstart måndag 17. april

 

Bildet viser Demonstrasjonsbilde "Teiknekurs 4. - 10. klasse". - Klikk for stort bileteDemonstrasjonsbilde "Teiknekurs 4. - 10. klasse".

Kva går kurset ut på:
Her får du oppleva teikneglede i kombinasjon med opplæring i ulike teknikkar og ferdigheiter som gjer deg flinkare til å teikna.
Eit kreativt kurs der du får leika deg med dine kunstneriske evne og utvikla talentet ditt i trygge rammer.
Du vil læra grunnleggande teknikkar i teikning både med blyant og fargar. Me øver opp auga vårt slik at me lettare kan skapa dybde i eit motiv.
Du vil få individuell veileiing og god tid til å øva på ferdigheitene gjennom oppgåvene som blir gitt i løpet av kurset.
Me lagar to ferdige bilete til utstilling. Storleik på bileta blir A4 og A3.

Utstilling av kunstverk frå kurset i Bokn Arena 11. juni.

Materiell og snaks i pausen er inkludert i prisen.

Kursdatoar, tidspunkt og stad:
April:
Måndag 17. april kl. 14:15 - 16:45.
Måndag 24. april kl. 14:15 - 16:45.

Mai:
Måndag 8. mai kl. 14:15 - 16:45.
Måndag 15. mai kl. 14:15 - 16:45.

+ Utstilling av kunstverk under kulturskulekonsert i Bokn Arena sundag 11. juni kl. 16:00.
Ein må pårekna oppmøte ca. kl. 15:00 denne dagen. (Med atterhald om endringar).

Stad for kurset:
Bokn kulturskule.

Kursavgift:
1 600 kr inkl. kursmateriell og pausesnaks.

Påmelding til kurset er bindande. 
Du får svar om du har fått plass kort tid etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du motta betalingsinformasjon.

Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet og 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar. 

Kursavgifta må vera betalt før kursstart. 

Kurset blir avhalde dersom nok påmelde.

Instruktør:
Hibbi Mannes

Meld deg på her