Song


Søknadsfrist: 1. februar 2024.
 

Undervisningsoppstart: Månadskifte februar/mars.

Bildet viser: Song. Demonstrasjonsbilde - Klikk for stort bileteSong. Demonstrasjonsbilde


Er du glad i å synga og ønsker å læra meir om korleis du kan få fram det beste i stemma di? Ønsker du å utvikla deg som songar og kjenna på songglede saman med andre, eller vil du ha råd og hjelp gjennom ein-til-ein-timar? 

Bokn kulturskule har 2 tilbod i song:

  • Song-gruppe (1. - 6. klasse).
  • Solosong (for ungdom (frå 7. klasse) og vaksne).


Song-gruppe:
Tilbodet passar for gutar og jenter som er glade i å synga! Her vil ein få eit godt grunnlag for å gå vidare med solosong i ungdomsskulealder.

Det vil vera repertoar frå ulike sjangrar, fleirstemt song, song med akompagnement, a capella, gehørtrening og introduksjon av rytme og notar.

Målet er å gi ei innføring i grunnleggande songteknikk og formidling, der barna skal få kjenna på songglede og meistring i samspel med andre.

Songundervisning vil gi moglegheit for samarbeid og samspel med andre samspelssamansetningar. 

Undervisninga går føre seg i grupper på 2-3 elevar. 12 gonger à 30 minutt.

Pris: Kr 712.


Solosong:
Tilpassa undervisning ut frå alder, utvikling, ønske og behov. 
Ein jobbar med stemmebruk, ulike teknikkar, mikrofonbruk, formidling, og du vil få rettleiing, tips og øvingar som utviklar deg som songar.

Songundervisning vil gi moglegheit for samarbeid og samspel med andre instrument/samspelssamansetningar.

Undervisninga går over eitt semester. I staden for 20 min. undervisning pr. veke, blir undervisninga komprimert til 12 gonger á 30 minutt.

Pris: Kr 1 244.


Generell info:
Påmeldinga er bindande. 
Du får svar om du har fått plass kort tid etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du motta e-post med nærare informasjon og nøyaktig tidspunkt for timen.

Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, og/eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar. 

Undervisninga vil gå føre seg onsdag (og/eller måndag) ettermiddag/kveld.

Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.

Undervisning med atterhald om nok påmelde.

Instruktør:
Anne Tove Øvrebø

Søk her for: SONG-GRUPPE 2. - 6. klasse
 

Søk her for: SOLOSONG frå 7. klasse og oppover