Slagverkundervisning. Demonstrasjonsbilde.
Lær å spela slagverk i Bokn kulturskule
Individuell undervisning, 20 minutt leksjonar pr. veke.
Kva skal ein jobba med:
Slagverkundervisninga vil gi opplæring i trommenotar, teknikk, koordinasjon, puls/timing, grooves, fills, improvisasjon, musikalitet og musikk- og sjangerforståing.
Det er ikkje nødvendig med forkunnskapar.
Det er viktig å ha eigna instrument å øva på heime.
Slagverk vil gi mulighet for samspel i slagverkgrupper eller andre samspelssamansettingar.
Stad, dag og tidspunkt:
- Stad: Kulturskulen.
- Onsdagar mellom kl. 18:00 og 20:00.
Som elev i Bokn kulturskule, kan ein få tilbod om å spela under ulike kommunale og lokale arrangement.
Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.
Pris pr. semester skuleåret 2023/2024:
Kr 1 244.
Nødvendig undervisningsmateriell som t.d. trommestikker og notebøker kjem evt. i tillegg til semesteravgifta og vil i tilfelle bli lagt til på same faktura som semesteravgifta.
Påmeldinga er bindande.
Du får svar om du har fått plass kort tid etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du motta e-post med nærare informasjon og nøyaktig tidspunkt for timen.
Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar.
Avgrensa med plassar, så ver raskt ute.
Instruktør:
Harald Levang.
Søk her