Pianoundervisning. Demonstrasjonsbilde.
Lær deg å spela, eller hald fram med å utvikla talentet ditt.
Individuell undervisning, 20 minutt leksjonar pr. veke.
Tidspunkt for undervisning etter avtale.
Kva skal ein jobba med:
Undervisninga tek utgangspunkt i den klassiske notebaserte musikktradisjonen, men òg den rytmiske tradisjonen, som kan vera noko meir gehørbasert. Undervisninga og lærestoffet vil vera variert og spenna over ulike sjangar og stilartar, som til dømes populærmusikk, folkemusikk og stykke av klassiske komponistar.
Det er viktig å ha eit eigna instrument å øva på heime. Aller best vil det vera med eit akustisk piano, hvis ikkje er eit el-piano med vekta tangentar eit godt alternativ.
Som elev i Bokn kulturskule, kan ein få tilbod om å spela under ulike kommunale og lokale arrangement.
Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.
Pris pr. semester skuleåret 2023/2024:
Kr 1244.
Nødvendig undervisningsmateriell som t.d. notebøker kjem evt. i tillegg til semesteravgifta og vil i tilfelle bli lagt til på same faktura som semesteravgifta.
Påmeldinga er bindande.
Du får svar om du har fått plass kort tid etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du bli kontakta for nærare avtale om tidspunkt for time.
Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar.
Lærar:
Venevil Birkelund
Søk her