Gitarundervisning i gruppe. Demonstrasjonsbilde.
Lær å spela gitar saman med andre i Bokn kulturskule
Gruppeundervisning, 30 minutt leksjonar pr. veke.
Kva skal ein jobba med:
Undervisning tilpassa nivå, mål og ønske.
I hovudsak besifringsbasert undervisning. Gjerne til akkompagnering av song. "Bruksgitar" til samling og allsong "rundt bålet".
Inndeling av grupper etter alder.
Det er viktig å ha eit eigna instrument å øva på heime.
Gruppeundervisninga kan gi mulighet for avtale om øvingsrom for gruppa i for- eller etterkant av undervisninga.
Stad, dag og tidspunkt:
- Stad: Kulturskulen.
- Torsdagar mellom kl. 14:30 og 18:30.
Som elev i Bokn kulturskule, kan ein få tilbod om å spela under ulike kommunale og lokale arrangement.
Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.
Pris pr. semester skuleåret 2023/2024:
Under 18 år: Kr 1 037.
Frå 18 år: Kr 1 555.
Nødvendig undervisningsmateriell som t.d. notebøker kjem evt. i tillegg til semesteravgifta og vil i tilfelle bli lagt til på same faktura som semesteravgifta.
Påmeldinga er bindande.
Du får svar om du har fått plass kort tid etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du motta e-post med nærare informasjon og nøyaktig tidspunkt for timen.
Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar.
Gruppeundervisninga er med atterhald om at det er nok påmelde.
Instruktør:
Donald Sefa.
Søk her