Fløyte

 

Frå 1. klasse og oppover.


Søknadsfrist ordinært opptak: 10. juni.
 


Lær å spela blokkfløyte i Bokn kulturskule

Bildet viser: Fløyteundervisning. Demonstrasjonsbilde. - Klikk for stort bileteFløyteundervisning. Demonstrasjonsbilde.

 

Individuell undervisning, 20 minutt leksjonar pr. veke.

Tidspunkt for undervisning etter avtale.
 

Blokkfløyte er eit instrument med lange tradisjonar. Den finst i ulike storleikar og variantar, med ulik klang. I kulturskulen si blokkfløyteundervisning startar ein som regel med sopranblokkfløyte, som gjerne er kjent som den tradisjonelle «skuleblokkfløyta». Etter kvart kan ein halda fram på større fløyter som alt-, tenor- og bassblokkfløyte.

Ein må ha eiga fløyte å spela på, slik at ein også får øvd heime. Om ønskeleg, kan ein få kjøpa sopranfløyte via kulturskulen. Instrumentet blir då fakturert på same faktura som kontingenten for gjeldande semester.


Kva skal ein jobba med:
Du vil få opplæring i instrumentalteknikk og formidling, og spele etter både notar og gehør. Repertoaret vil blant anna omfatta enkle barnesongar, folkemusikk frå ulike delar av verda og moderne musikk. 

Samspel vil vera ein viktig del av undervisninga. Du kan spela saman med læraren din, men òg inngå i andre samspelssituasjonar med andre elevar i mindre og større grupper.

Som elev i Bokn kulturskule, kan ein få tilbod om å spela under ulike kommunale og lokale arrangement.

Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.


Pris pr. semester skuleåret 2023/2024:
Kr 1244.

Nødvendig undervisningsmateriell som t.d. notebøker kjem evt. i tillegg til semesteravgifta og vil i tilfelle bli lagt til på same faktura som semesteravgifta.

Påmeldinga er bindande. 
Du får svar om du har fått plass kort tid etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du bli kontakta for nærare avtale om tidspunkt for time. 

Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar. 

Lærar:
Venevil Birkelund


Søk her