DJ-kurs. Demonstrasjonsbilde.Frå januar 2024 kan me tilby DJ-kurs i Bokn kulturskule!
Her får du blant anna læra om mixing, beatmatching, scratching og digital programvare.
Det trengst ingen forkunnskapar for å kunne delta, men du må ha Ipad eller PC/Mac - og brukarkonto på strømmetenesta, Tidal. Du vil få hjelp med innstallering av app/programvare.
Du kan lesa meir om kurset her: DJ-kurs beskrivelse (PDF, 22 kB)
Individuell undervisning, 20 minutt leksjonar pr. veke.
NB! Svært avgrensa med plassar.
Stad, dag og tidspunkt:
- Stad: Kulturskulen.
- Torsdagar mellom kl. 14:30 og 19.00.
Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.
Pris for vårsemesteret 2024:
Kr 1 244 kr.
Påmeldinga er bindande.
Du får svar om du har fått plass kort tid etter at du har søkt. Dersom du har fått plass, vil du motta e-post med nærare informasjon og nøyaktig tidspunkt for timen.
Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar.
Instruktør:
Donald Sefa
Søk her