Boknakoret

 

Frå 8. klasse og oppover

«A Magical Moment» - Julekonsert med Hanne Krogh, Johnny Logan, Thomas Ruud, Boknakoret og Aksang i Bokn Arena, desember 2018. Anne Brit Solland «A Magical Moment» - Julekonsert med Hanne Krogh, Johnny Logan, Thomas Ruud, Boknakoret og Aksang i Bokn Arena, desember 2018. Anne Brit Solland Seniorperler m/Hanne Krogh og Boknakoret i Tysværtunet september 2019 Alf-Einar Kvalavåg

Opplev songglede og meistring saman med andre


Her får du opplæring i stemmebruk, fleirstemt song og god trening i å lytta til andre og skapa harmoniar og musikk saman.

Ein må ikkje kunne notar for å vera med.

Boknakoret har eit godt og triveleg samarbeid med koret, Aksang.
Som elev i Bokn kulturskule, kan ein få tilbod om å opptre under ulike kommunale og lokale arrangement.
Det er som regel ein større korkonsert som avslutning av kvart semester.


Tidspunkt for øvingane:
Tysdagar.
Bokn: 19:00 - 21:00.
Aksdal: 19:30 - 21:30.

Me øver anna kvar gong i auditoriet i Bokn og på Tysværtunet i Aksdal.
Me organiserer oss i forhold til køyring.


Pris pr. semester skuleåret 2023/2024:
Under 18 år: Kr 1037.
Frå 18 år: Kr 1555.

Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar. 

Lærar/dirigent:
Anne Tove Øvrebø


Meld deg inn her