Band. Demonstrasjonsbilde.
Samspel i pop/rock på instrumenta song, piano, gitar, bass og trommer.
Kva skal ein jobba med:
Her får du opplæring i grunnleggande notelære, skalaer, akkordar, rytmikk, taktartar og enkle akkordprogresjonar. Ein vil også jobba med musikalitet, intonasjon, dynamikk, teknikk, klang, uttrykk, stilforståing og formidling.
Det er ikkje nødvendig med forkunnskapar for å kunne delta.
Minimum 4 elevar. Maks 8 elevar.
Ein må ha eigna instrument å øve på heime.
Ved påmelding må du skriva ønska instrument i prioritert rekkefølge.
Du må vera klar over at det ikkje er garanti for at du får førsteønsket ditt.
Stad, dag og tidspunkt:
- Stad: Kultulturskulen.
- Onsdagar mellom kl. 18:00 og 20:00.
Som elev i Bokn kulturskule, kan ein få tilbod om å spela under ulike kommunale og lokale arrangement.
Kulturskulen sine elevarrangement, konsertar og aktivitetar er ein del av undervisningstilbodet, og det er forventa at elevane deltek på desse som utøvar og/eller publikum.
Pris pr. semester skuleåret 2023/2024:
Under 18 år: Kr 1 037.
Frå 18 år: Kr 1 555.
Nødvendig undervisningsmateriell som t.d. notebøker kjem evt. i tillegg til semesteravgifta og vil i tilfelle bli lagt til på same faktura som semesteravgifta.
Påmeldinga er bindande.
Du får svar om du har fått plass kort tid etter søknadsfristen. Dersom du har fått plass, vil du motta e-post med nærare informasjon og nøyaktig tidspunkt for timen.
Det er 30 % søskenmoderasjon på rimelegaste aktivitet, eller 30 % moderasjon på rimelegaste aktivitet dersom same elev deltek på fleire kurs/aktivitetar.
Instruktør:
Harald Levang.
Søk her