Opplev Bokn

Arkivbilde; Geir Aksdal med ein flott kardinal. Jardar Havikbotn «Opplev Bokn» er eit forprosjekt initiert av Bokn kommune retta mot mat-, oppleving- og reiselivsaktørar på Bokn. Formålet er å mobilisere og motivere næringa, kommersialisere nye tilbod og profesjonalisere næringa for å ta ut større verdiskaping på Bokn.

Det vil innleiingsvis inviterast breitt, både til aktørar innan næringa i dag, men og til befolkninga i øysamfunnet med det formål å motivere til nytenking og å finne fleire aktørar som ser potensialet i meir reiselivsaktivitet på Bokn.

Kommunen, med bistand frå Næringshagen Rogaland Ressurssenter, ynskjer å mobilisere aktørar innan reiseliv/mat for å stimulere til nytenking og kommersialisering av produkt og tenester knyta til desse næringane gjennom eit forprosjekt.

Det vil i forprosjektet bli lagt opp til fleire samlingar og individuelt arbeid med aktørane med fokus på:

- Mobilisering og motivasjon (i form av ei oppstartssamling)

- Nyskaping (i form av ein idedugnad)

- Kommersialisering av reiselivsprodukt

- Profesjonalisering (marknadsføring og service)

- Fokus på eit berekraftig reiseliv.

Frå Rogaland Ressurssenter er det Jan Thore Lippestad (tlf. 975 69 747) og Rannveig Madsen (tlf. 452 52 162) som er ansvarleg for gjennomføring. Jan Thore er senior forretningsutviklar i RRS, og har tidlegare vært seriegründer. Rannveig Madsen er nytilsett prosjektmedarbeidar og har ein Bachelorgrad innan Reiselivsleiing frå Norsk Hotellhøgskole.

Vi har lyst til å snakka med så mange næringslivsaktørar (og potensielle aktørar) som mogleg, vi kjem til Bokn, og har lyst å dra rundt på besøk for å snakka med dykk for å danne oss eit bilete av korleis næringslivet ser ut i dag.

Har du eller veit du om nokon som kan ha tankar rundt dette, ta gjerne kontakt med oss!