Vallokale på valdagen 8. september

  • På valdagen er idrettshallen i Bokn Arena vallokalet.
  • På valdagen er opningstida i vallokalet frå kl. 09:00 til kl. 20:00
  • Parkering skjer ved parkeringsplassen til Bokn Arena.

I perioden 11. august - 5. september kan du avgje førehandsrøyst på følgjande stader:

  • Servicetorget - Boknatun
    Måndag 11. august - fredag 5. september: Kl. 09:00 -15:00 på kvardagar
  • Bokn folkebibliotek
    ondagar frå 13. august – 3. september: Kl. 16:00 – 19:00

    (Trykk på dei ulike radene for å få meir informasjon om det du vil ha meir informasjon om. Trykk på rada igjen for å lukka).
Tidlegrøysting

Kan du ikkje røyste på valdagen eller i perioden for førehandsrøysting, kan du tidlegrøyste. Tidlegrøystinga startar 1. juli og sluttar når førehandsrøystinga startar 11. august.  Røystestaden er Servicetorget.  Dagar og opningstid for tidlegrøysting må avtalast pr. telefon med Servicetorget.  For avtale ring Servicetorget desse dagane:

  • tysdagar mellom kl. 10:00 og kl. 14:00 og onsdager mellom kl. 10:00 og 13:30 fram til førehandsrøystinga startar 11. august 2025.

 

Dersom du vil tidlegrøyste må du ringe Servicetorget på tlf. 52 75 25 00.

Institusjonsval

Det blir førehandsrøysting på Bokn sjukestove tysdag 2. september mellom kl. 10.30 og kl. 11.30. Det blir gitt informasjon på institusjonen i god tid før valfunksjonærane kjem dit.

Alle som oppheld seg på Bokn sjukestove 2. september 2025 vil da kunne førehandsrøyste, både bebuarar, tilsette og besøkjande. 

Før 8. september kan du røyste kor du vil i landet

Førehandsrøyste  kan du gjere i hele landet.  Dersom du røystar utanfor eigen kommune, får du ein røystesetel med namna på dei registrerte politiske partia dersom røystesetlane ennå ikkje er sendt ut frå sentralt.  Du må krysse av for kva parti du vil røyste på.  Du må krysse for “blankt” på desse røystesetlane dersom du ønskjer å røyste blankt.   Røystesetelen er utan namn på partia sine kandidatar. 

Røysta blir sendt til heimkommunen din for oppteljing.

 

Førehandsrøysting utanriks

Veljarar som bur eller oppheld seg i utlandet, kan førehandsrøyste frå 1. juli hos utanriksstasjonar eller oppnemnde røystemottakerar.  Svalbard og Jan Mayen er omfatta av dei same reglane som utanriksrøystegjeving.  Meir om korleis dette gjerast samt fristar for å røyste finn du på valdirektoratet sine sider.

Dersom du oppheld deg ein stad i utlandet kor det ikkje er mogleg å oppsøkje ein røystemottakar, kan du førehandsrøyste ved brevpost. Les meir om brevstemming på valdirektoratet sine sider.