Vindkraftkonsesjon, høyring

Bilde frå seatwirl.com - Klikk for stort bileteBilde frå seatwirl.com seatwirl.com Det vart 29. juni halde eit digitalt folkemøte i Bokn for å informere om konsesjonsbehandling av eit havvindprosjekt utanfor Lauplandsvågen. Det var  anledning for folk til å få informasjon og stille spørsmål.

Av ordførar Osmund Våga

Vi hadde føretrekt eit fysisk møte, men det var vanskeleg å få til i desse tider.

Høyringsfristen er 13. august. Det er uheldig å legge dette i ferietida, men vi får informere godt om saka og oppfordre folk til å sende høyringssvar om det er noko dei er opptekne av. Set gjerne kommunen på kopi dersom du sender inn høyringssvar (post@bokn.kommune.no)

Lenke til konsesjonssaka, med skildring av prosjektet og knapp for høyringssvar finn du her:

Konsesjonssak - NVE

Testanlegg

Dette er planlagt å vere eit midlertidig testanlegg, så det er neppe store konsekvensar, verken positive eller negative for Bokn.

  • Av negative konsekvensar kan eg nemne støy, avgrensingar i ferdsel rundt anlegget og moglege negative konsekvensar for fuglar og andre dyr.
  • Av positive konsekvensar kan eg nemne litt aktivitet og arbeidsplassar, spesielt i byggefasen, merksemd for Bokn, kontaktar innan havvindmiljøet.

I slike saker blir det lagt stor vekt på uttale frå kommunen, så vi kan i stor grad styre dette sjølv.

Det er eit formannskapsmøte 24. august. Vi kan behandle det der. Kommunen har fått utsett frist til 31. august for høyringssvar.