Skulebygging

Teikning av den nye skulen. - Klikk for stort bileteTeikning av den nye skulen.Kommunestyret vedtok 16. februar å bygge ny skule med ei kostnadsramme på 72 mill.

Av ordførar Osmund Våga

Siste informasjon frå skuleleiinga er at skulen startar flytting 17. mars og planlegg undervisningsoppstart i midlertidige lokale 18. mars. Riving av gamal skule startar etter planen rett etter påske. Byggestart er planlagt i juni og ferdig i slutten av 2022.

Lang sak

Dette har vore ei lang sak, først vedteken i 2016. Då var budsjettet 40 mill. til skule og 10 mill. til andre utgifter. I 2020 blei det vedteke å legge til ein kulturskuledel på 3 mill. Her har me fått løfte om tilskot på halvparten frå fylket, 1.5 mill.,  slik at total ramme blir 51.5 mill.

Då blir det eit stykke opp til 72 mill., men om me tek omsyn at me bygger ein energisentral som også skal forsyne barnehagen og ungdomskulen i staden for den oljefyren me har nå, litt større areal, samt prisstigning frå 2016 så ender me på litt over 60 mill. i planlagde kostnader, slik at overskridinga ikkje blir fullt så stor.
Grunnane til overskriding kan vere mange, bl.a. at koronaomsyn gjer anbud dyrare, eller at det har vore berekna litt for lite i utgangspunktet.

Innsparingar

Etter at anbuda kom inn i desember og viste seg å vere vesentlig dyrare enn forutsett, har prosjektgruppa for skulebygging gått gjennom planane og foreslått innsparingar. Dei har gjort eit godt arbeid her og har foreslått innsparingar på rundt 5 mill. Her er det verdt å nemne at prosjektet ikkje er blitt forsinka av denne runden med sparetiltak.  Energisentralen er i ferd med å bli ferdig nå, så me kunne uansett ikkje ha starta med riving tidlegare.

Uansett blir det vesentlig dyrare enn først antatt, og det synest me er veldig uheldig. Men alternativet nå var å stoppe prosjektet, og då hadde me tapt dei midlane som nå er brukte på planlegging, og me måtte uansett ha gjort noko med skulen. Så me valde å ta med dei innsparingane som arbeidsgruppa har foreslått og gå i gang med prosjektet. Då blir det viktig å halde god kontroll på kostnader undervegs og spare der me kan.

Ny flott skule

Nokon hevdar at dette set kommunnen i ein vanskelig økonomisk situasjon, men dette er pengar vi har på fond etter sal av Haugaland kraft-aksjer, så det går bra. Kostnaden her er at dette er midlar me kunne brukt på andre ting dersom skulen ikkje hadde blitt dyrare enn forutsett.

Det viktigaste er likevel at her får me ein ny flott skule som både elevar, foreldre og lærarar gler seg til å ta i bruk - med ein stor kulturdel til glede for både kulturskulen og andre kulturaktivitetar. Nyskulen vil bidra både til at boknarane blir fornøgde og ikkje minst til at fleire vil vurdere Bokn som eit godt alternativ når dei vel kor dei vil busetta seg.

Så vil eg til slutt oppfordre boknarane til å sørge for at me har mange ungar til å fylle denne skulen med etter at han er ferdig😊.