Ordføraren har ordet

Informasjon frå årets siste kommunestyremøte av ordførar Osmund Våga.

I kommunestyret 14. des. vart det vedteke budsjett og gebyrregulativ for Bokn kommune for 2022. Dei gir ei god oversikt over drifta i kommunen og planane framover, og eg vil oppmode folk om å lesa dei.

Kommunestyret vedtok administrasjonen sitt forslag til budsjett med små endringar:

  • Dei viktigaste er at me oppjusterer rammetilskot med 1.2 mill. i tråd med den nye regjeringa sin auke i tilskot til kommunane i statsbudsjettet.
  • Me fjernar bevilgning til meirope bibliotek og aukar bevilgning til skule, sidan me er veldig opptatt av at skulen fungerer på ein god måte.
  • Me la også inn midlar til sommarjobb for ungdom neste år.

Dette er eit veldig forsiktig budsjett, ikkje nokre store nye tiltak eller investeringar.

Men fram til den nye skulen er ferdig, og me får ei oversikt over kostnadane til den, vil me ikkje gå i gong med nye store prosjekt.

Kommunedirektøren sitt forslag til budsjett og økonomiplan for 2022 (PDF, 5 MB)

Kommunestyret sitt vedtak, budsjett og økonomiplan for 2022 (PDF, 5 MB)

Gebyrregulativ 2022 (PDF, 322 kB)

Skuleutbygginga

Me fekk ei orientering om skuleutbygginga. Tidsmessig er me i samsvar med plan, antatt innflytting desember 2022.

Uteområde er tekne ut av plan, revidert og sende ut på ny anbudsrunde. Forventa oppstart på dette etter sommarferien.

Plan for idrett og fysisk aktivitet

I same møtet var det også ei sak om revisjon av plan for idrett og fysisk aktivitet. Planen er viktig for å kunne planlegge bygging og oppgradere kommunale idretts- og fritidsanlegg, og for å kunne søke om spelemidlar til dette.

Plan for idrett og fysisk aktivitet 2022 - 2025 (PDF, 428 kB)

Av ting som det har vore arbeida med nå kan me nemne dagsturhytte, klatrepark i Føresvik, nærmiljøanlegg, ballbinge ved skulen.

Ballbingen er oppgradert, klatrepark og dagsturhytte er planlagde ferdige til våren.

Ungdomsråd

Og til slutt er det ei gledeleg sak om nytt ungdomsråd. Her var det mange kandidatar å velje mellom. Varaordførar Lene Ognøy Foss har gjort ein stor jobb med å oppfordre ungdommane til å stille til val.

Kommunestyret følgde innstillinga frå skulen og sitjande ungdomsråd, og valde til nytt ungdomsråd:

Faste medlemmer:

  • Albert Lindanger
  • Henrik Ognøy Våge
  • Ole Christian Hervik-Aksdal
  • Sofie Alice Grønnestad
  • Anna Larsen

Vara:

  • Magne Røsdal Lund
  • Sanne Øvrebø
  • Helle Løvereide Faye


Eg vil gratulere dei med valet, og arbeide for at me kan ha meir kontakt mellom ungdomsråd og kommunestyre enn det har vore til nå; at ordførar/varaordførar kan vere med på møtene deira, og at ungdomsrådet kan vere med på kommunestyremøte og kome med sitt syn på sakene.

Og så vil eg håpe at koronasmitten ikkje aukar fram mot jul, og ønsker alle ei god og fredeleg julefeiring.

Helsing
Osmund Våga