Nytt frå kommunestyret

Det blei vedteke å sette opp dagsturhytte i Kongshamn. Her dagsturhytta i Sveio. - Klikk for stort bileteDet blei vedteke å sette opp dagsturhytte i Kongshamn. Her dagsturhytta i Sveio. Osmund Våga I møtet 26.10.21 vart det gjort ein del vedtak som eg vil informere om.

Av ordførar Osmund Våga

Sak 45/21 Plan for samordning frivillig/offentlig sektor Bokn kommune 2021 – 2024

Dette er ein plan for samarbeid mellom kommunen og frivillige organisasjonar. Det er eit område som er viktig for Bokn. For at me skal ha eit godt samfunn er det viktig at folk engasjerer seg i frivillig arbeid og at kommunen legg til rette for det, og eg vil oppfordre folk om å lese denne planen:

Plan for samordning frivillig/offentlig sektor Bokn kommune 2021-2024 (PDF, 2 MB)

Sak 48/21 Klatrepark

Aktuelt friområde med grøn farge. - Klikk for stort bileteAktuelt friområde med grøn farge.Dette er ei sak som har pågått i mange år. Me har fått tilsagn om støtte frå SR-bank for å lage ein klatrepark. Den var opprinnelig planlagt utanfor Bokn arena, men det vart ikkje godkjent av vegvesenet.

Andre lokasjonar har vore foreslått, m.a. nærmiljøanlgget, men banken ønska ei meir sentral lokalisering. Dermed enda me opp med eit område som er regulert til friområde nedanfor Boknatun. Det er regulert til rett formål, og OK for banken.

Dermed vedtok me å bevilge egenandel på 200 000 kr frå kommunen og sette i gong med prosjektet. Enten så må me få det gjort eller så må me avslutte prosjektet.

Dette er også eit fint område med utsikt over hamna, så me håpar at me kan sette opp nokre bord og benkar i tillegg til klatrepark slik at området kan bli meir brukt og til glede for fleire.

 

Sak 49/21  Dagsturhytte

Dette er ei sak det har vore stort engasjement rundt. Bakgrunnen for saka er eit prosjekt som starta i Sogn og fjordane i samarbeid med Sparebanken Vest, der kvar kommune kunne få støtte til ei dagsturhytte. Prosjektet har vore populært, og spreidd seg til fleire fylke, og no til Rogaland.

Me hadde saka oppe i kommunestyret i fjor. Vedtok at me ville vere med, og sette ned ei gruppe for å sjå på moglege plasseringar. Her er det mange moglegheiter. Nokre kommunar plasserer hytta på ein fjelltopp med god utsikt, nokre nær sjø, nokre med enkel adkomst, andre med ein krevande tur før ein når hytta.

Hensikta er at ein kan gå på tur, sette seg ned og kvile i hytta, ete nista si, nyte utsikten og så gå heim igjen. Derav namnet dagsturhytte. Det vil vere solceller på taket for lys, vedovn og eit lite bibliotek. Nokre har sanitæranlegg (utedo).

Dagsturhytte-gruppa har vore samansett av politikarar og representantar for frivillige organisasjoner samt administrasjonen. Eg vil takke medlemmene i gruppa for det arbeidet dei har lagt ned her.

Lokasjonar

Fem forskjellige lokasjonar har vore vurderte, nærare informasjon finst i sakspapira til kommunestyret. Til slutt stod det mellom to lokasjonar; Kongshamn og Linderabben nord for Borgenvik

Gruppa hadde avstemming og anbefalte Linderabben med 4 mot 3 stemmer, mens innstiillinga frå administrasjonen til formannskapet var Kongshamn. Dette vart diskutert i formannskapet og ein innstilte på Linderabben med 5 mot 2 stemmer.

Her er det verdt å merke seg at det er verken administrasjonen, hyttegruppa eller formannskapet som skal vedta lokalisering. Dei skal lage ei innstilling til kommunestyret som så skal fatte eit vedtak.

Saka vart grundig debattert i kommunestyret, der også tre medlemmer frå hyttegruppa var representerte. Mange synspunkt vart vegne opp mot kvarandre: Innstillinga frå hyttegruppa, utsikt, lengde og kvalitet på sti, hensynet til unge og eldre, området rundt hytta, parkering, moglegheit til å legge til andre funksjonar, bruksfrekvens, osv.

Kongshamn

Til slutt var det vedteke at me vil plassere hytta i Kongshamn. Vedtaket inneber også at kommunen bidreg med ein egenandel på 400 000

Så da reknar me med at arbeidet med å plassere hytta her kan starte. Det vil sannsynligvis bli behov for dugnadsarbeid, det kjem me tilbake til.

Så då vil eg håpe at dette blir ei hytte som blir til glede for både boknarar og tilreisande - og som blir mykje brukt.

For dei som vil sjå korleis slike hytter ser ut, så er det oppført hytter i andre kommunar som ein kan besøke, den næraste er sannsynlegvis i Sveio, sjå bilde øvst i artikkelen.