Julehelsing

Her kjem ei julehelsing frå ordførar Osmund Våga.Frå julearrangementet ved Sjøbris, 13. desember 2020 - Klikk for stort bileteFrå julearrangementet ved Sjøbris, 13. desember 2020. Osmund Våga  

Kjære boknarar!

Dette har vore eit spesielt år. Det begynte i vår då me plutseleg fekk melding om eit farleg virus. Skule og barnehage blei stengde, møte gjekk over til video, arrangement avlyste.

Frå julegrantenninga, 1. desember 2020. - Klikk for stort bileteFrå julegrantenninga, 1. desember 2020. Osmund Våga Men me tilpassar oss, og med kreativitet og innsats får me til diverse arrangement likevel. Bl.a hadde me ei vellykka 17. mai-feiring med ein kombinasjon av fysiske arrangement og sending på nett.

No før jul er dei fleste vanlege arrangement avlyste, men frivillige organisasjonar har bidratt med ting som julegrantenning, nissemarsj og korpsmusikk foran Kafe Sjøbris. Det er me i kommunen veldig glade for.

Budsjett 2021

No har me nettopp vedteke budsjett for 2021. Det blir stramt, men me skal framleis klare å tilby gode tenester til boknarane.

Boknahåve og Kongshamn

Det var tidlegare etterspurt namn på møterom i Bokn Arena. Mange har sendt inn forslag, og i kommunestyremøtet blei det vedtatt at det store rommet oppe i Bokn Arena blir heitande «Boknahåve» og det mindre rommet nede «Kongshamn»

Dei som har foreslått desse namna får eit gåvekort på Kafe Sjøbris.

Skulebygging

Når det gjeld skulebygging har det kome inn anbud, og ein arbeidar nå med å vurdere dei.

Felles fyrverkeri

Det er planlagt felles fyrverkeri dette året også, nærare info om dette kjem seinare. Men i år vil me oppfordre folk til å sjå dette heimefra.

Rogfast

Rogfast er venta å bli vedteke i Stortinget 18.12.

Det var godt å få ei avklaring på dette, så får me begynne arbeidet med å sikre at det vil bli mest mogleg positivt for Bokn.

Smittevern

Boknarane har vore flinke til å overhalde reglar og begrense smitte, difor har me ikkje hatt store problem med korona så langt, og det ynskjer me å fortsette med. Takk for innsatsen.

Når det gjeld smittevern har me i Bokn ikkje laga eigne reglar, men held oss til dei nasjonale anbefalingane. Det vil seie at det ikkje er laga reglar for karantene for dei som kjem heim til jul frå andre stadar i landet.

Me vil likevel oppfordre dei som kjem fra stader med høgt smittepress om å begrense kontakt med andre enn sin eigen familie.

Og for alle gjeld det å halde avstand, god hygiene og sprite hender.

For nærare info om smittevern kan ein kontakte kommuneoverlege Jan Schille. Så får me håpe at vaksinering begynner på nyåret og at me etter kvart kan gå tilbake til det normale.

Då vil eg ynskje alle ei Fredeleg Jul og eit Godt Nytt År.