Av ordførar Osmund Våga:
I kommunestyret 16. feb. blei det gjort følgande vedtak:
Bokn kommune støttar tiltaket til Rogaland Fylkeskommune om å etablere dagsturhytter i alle kommunar i fylket, og ynskjer med det å igongsetje eit prosjekt for å få etablert ei dagsturhytte i Bokn kommune i løpet av prosjektperioden (2021 – 2022). Kommunen står ansvarleg for eigenandelen i prosjektet når endeleg budsjett er klart etter anbudsrunden våren 2021, samt at kommunen forskuterer for spelemidlar dersom det vert naudsynt etter som det ikkje kan søkjast på desse før i januar 2022.
Representanter frå kommunestyre, ungdomsråd og frivillige organisasjoner og andre frivillige som ønsker det tas med i arbeidsgruppe. Saka sendes til kommunestyre for valg av lokasjon og bevilgning av midler.
Dette er et spanande prosjekt som dei har hatt i Vestland og andre fylke tidlegare.
Sjå meir info om Dagsturhytta
Arbeidsgruppe
Dette vil vere positivt for folkehelse, frivillighet, barn og unge etc. Det kan og trekke turistar til Bokn for å gå på tur her og gi kommunen positiv omtale.
Det er oppretta ei arbeidsgruppe for å sjå på plassering, deretter vil kommunestyret vedta kor ho skal plasserast i eit seinare møte.
Vi vil difor i tråd med vedtaket oppmode representantar for frivillige lag og organisasjonar, ungdomsråd og andre interesserte om å vere med i denne arbeidsgruppa for å finna ut av kor denne hytta kan plasserast og korleis ho kan drivast etterpå.
For å bli med her, kontakt kommunalsjef oppvekst og kultur, Ingrid Sofie Rundhaug.
E-post kommunalsjef
Neste møte er planlagt etter vinterferien.