Bygging i strandsona

Det er ikkje alltid me er like fornøgde med det som regjeringa avgjer, men her er ei sak som er positiv for Bokn, som nettopp blei vedteken:

Av ordførar Osmund Våga

Nye retningslinjer for planlegging i strandsonen gir økt lokalt handlingsrom og mer verdiskaping i distriktene - regjeringen.no

Her er Bokn komen i gruppe 3 som gir auka moglegheit for utvikling i sjønære område, og at det er lokalpolitikarane som skal ha meir å seie i slike saker (Lys gul farge på kartet).

Eg vil også vise til artikkel i HA, sjølv om dei ikkje har fått det heilt korrekt:

Bygging, Strandsonen | Nå blir det enklere å bygge i strandsonen: – Gir mer frihet til kommunene (h-avis.no)

Har du planar?

I tillegg kan eg nemne at me har bygd ut fiber-breiband i heile kommunen, og at me no held på med å byggje ut vassverket slik at alle skal ha moglegheit for å få kommunalt vatn.

No held me også på med å revidere arealdelen av kommuneplanen. Dermed bør det vere gode muligheter for dei som vil få til noko, enten det gjeld bustad eller næring.

Ta kontakt med ordførar eller rådmann om du har nokre planar.