Av ordførar Osmund Våga
Lenke til saka og planen:
Planprogram revidering av deler av arealdel
Mykje interessant å lese her for dei som er opptekne av framtida til Bokn.
Dette inneber at arbeidet med revisjonen skal avgrensast til fylgjande tema:
- Bustadbygging
- Næringsutvikling
- Sentrumsutvikling
- Tiltak for å auke folketalet
Det er sett ned fire grupper som skal arbeide med desse temaene.
Innspel
Me ynskjer difor å få innspel til dette planarbeidet. Innspela kan vere både generelle:
- Kva ein ser behov for i kommunen, kva som kunne vere kjekt å få til, kva som kan gjere at folk ynskjer å bu i Bokn.
Eller konkrete:
- At ein ynskjer å endre arealformål, f. eks. regulere eit areal til bustadbygging.
Innspel til endra arealbruk må innehalde dei opplysningane som går fram av kapittel 9* i planprogrammet og må sendast inn via dette skjemaet:
Innspel til endra arealbruk
Generelle innspel kan ein sende til post@bokn.kommune.no eller
Bokn kommune
Boknatunvegen 37
5561 Bokn
Frist for innspel vert sett til 1. mai 2021.
9* Krav til innspel til planen
Kommunen ynskjer innspel frå grunneigarar, utbyggarar og andre for å finne fram til framtidige utbyggingsområde.
Forslag til nye utbyggingsområde og andre forslag til endra arealbruk skal sendast skriftleg pr. brev eller e-post til kommunen.
Forslaga bør som minimum innehalde fylgjande dokumentasjon:
- Kartutsnitt som viser det aktuelle arealet, gateadresse, gards-og bruksnummer, arealavgrensing og storleik
- Type areal som vert råka (skog, jordbruk, friområde) og forventa konflikt
- Tilkomstløysingar og forventa trafikkmengde
- Konsekvensar av forslaget når det gjeld miljø, påverknad på eksisterande bruk av området, transport, kollektivtrafikk, annan infrastruktur som skule, barnehage, vatn- og avlaup m.m.