Ordføraren har ordet, år 2001

Svein Ove Alvestad:

Desember 2001

Hei!

Bokn Plast AS

Me held nå på med den vanskelegaste saka eg har vært borti,  kor det blir vondt for mange uansett kva me gjør, og det er utviding av Bokn Plast og utviklinga i Føresvik. Bokn Plast AS har vore i Føresvik i ca 30 år, og utviklinga gjennom åra har ført "Plasten" og Føresvik til der dei er i dag. Me kan alle vere samde om at plasseringa av Bokn Plast er feil og at bedriften burde vore flytta for mange år sidan.

Kommunen og bedriften har brukt mykje tid og ressurser på å finne ei løysing som

resulterte i at bedriften kunne flytte bort i Knarholmen industriområde. Dette arbeidet har ikkje lukkast, av økonomiske grunnar. Ved bygging av ein ny hall i Føresvik ser me heilt klart at fleire naboar blir sterkt berørte, og me forstår reaksjonen deira.

Bokn Plast AS er hjørnesteinbedriften på Bokn med over 20 arbeidsplasser. Me har eit ansvar for dei som arbeider på Bokn Plast AS gjennom å legge forholda til rette for bedriften, slik at dei vel å bli verande på Bokn.  Kommunen er nå inne i saksbehandlinga og eg veit at politikarane vil setta seg skikkeleg inn i saka og vurdera alle forhold før

Forvaltningsstyret treffer vedtaket sitt den 18/12.

Kommunebudsjettet

Budsjettet for 2002 er svært stramt økonomisk, men me er ikkje like sterkt ramma som mange andre kommunar og slepp store reduksjonar i drifta. Dette heng saman med at Bokn får overført eigedomskatt frå Tysvær i.h.t. ein avtale frå 1985. Bokn investerer nå mykje i nye utbyggingar og vil dermed få ei svært stor gjeld. Dette vil igjen medføre store kapitalutgifter i åra som kjem og dermed redusert økonomisk handlefrihet. I kommande fireårsperiode er det ikkje anledning for nye investeringar eller nye driftstiltak av nokon storleik.

Arbeid med barn og unge samt kultur er prioritert og vil bli styrka med blant anna auka kulturmidlar. Ein liten kommune som Bokn står foran store utfordringar til effektivisering og kompetanse. Eg er derfor av den oppfatning at me må samarbeida med andre kommunar i langt større grad enn i dag. Det kan vere innan spesielle tjenester og saksbehandling.

Som eit vidare arbeid med å få den tjenesta og servicen de har behov for vil kommunen nå lage ein serviceerklæring som vil innehalde kva forventning og krav de som

brukarar kan stilla til kvar enkelt tjeneste. Serviceerklæringa skal lagast i samarbeid mellom brukarar, administrasjon og politikarar på Bokn.

Med dette vil eg ønske dere alle ei riktig God Jul og eit Godt Nytt År.

Svein Ove

 

November 2001

Hei!

Kystsoneplan

Livet på og rundt sjøen har vore og vil bli viktig for utviklinga på Bokn. Rogaland Fylkeskommune har utarbeida forslag til kystsoneplan for Rogaland, som vil bli rettningsgivande for kommunen. Dette inneber at kommuen mister mykje av sin råderett over eigne areal og ressurser i kystsona, og Bokn kommunestyre får ikkje gjera dei tiltak som dei meiner er best for Bokn og oss som bur her. Dette er ei utvikling som eg meiner er feil, og vil arbeide mot. Bokn kommunestyre er best skikka til å planlegge utviklinga på Bokn, kor folk kan få bygga hus, hytter og naust og etablere næring, ikkje fylket. Formannskapet har derfor starta arbeidet med ein kystsoneplan for Bokn. Her vil alle få mulighet til å påvirke innhaldet, og me vil forhåpentlegvis få ein plan som blir god for alle interessene (friluftsliv, fiske, havbruk osv) på Bokn.

Likningskontoret

Som sikkert mange har sett så omorganiserar likningsetaten seg. Det er avgjort at Bokn mistar likningskontoret. Bokn kommune og likningsetaten er i dialog for å få ein løysing for Bokn. Me arbeider for ein løysing der me skal få hjelp og løyst dei fleste daglege spørsmåla på Bokn. Me vil og legge forholda til rette og arbeide for at Gaute kan vere på Bokn ved innlevering av sjølvmeldinga. Eg håpar me lykkast i dette arbeidet og vil komme tilbake til endeleg løysing.

Budsjettet

Rådmannen har lagt fram sitt forslag til budsjett, og det er stramt med svært få nye tiltak og vidareføring av nåverande drift. Politikarane har fått ein gjennomgang og har starta si behandling som blir avslutta med kommunestyremøte 12. desember.

Eg vil komme tilbake til budsjettet og behandlinga i neste blad.

Svein Ove

 

Oktober 2001

Hei!

Vegnamn

Kommunestyret har nå vedtatt namn på alle vegar, både kommunale og fylkeskommunale. Besøkande, post, utrykningspersonell og andre vil nå lettare finne fram på Bokn. Skilt er bestilt og skal etter planen settast opp i haust.

Folke- og boligtelling

Statistisk sentralbyrå vil i år foreta ei folke- og boligtelling 3/11. Dette vil bli den siste kor me skal fylle ut skjema, og vil derfor bli meir omfattende enn før. Boligadresseprosjektet vil føre til at alle boligar får si eiga adresse og alle personar skal då knyttast opp mot ein bolig. Dette blir registrer i GAB registeret ( grunneigedom, adresser og bygningar ) og Statens kartverk. Folketellinga har som hensikt å gi et statistisk bilde av Norge 3/11, men også dekke nokre hull i basisregistrene. Oppfølging vil skje med meldingar til folkeregistret. Med bakgrunn i strenge sikkerhetsrutiner skal det ikkje vere fare for brudd på personvernet. Resultatet på tellingen er venta sommaren 2002.

Utbyggingsprosjekt

Som nemnt tidligare har kommunen fleire utbyggingsprosjekt på gang. Kloakk-anlegget i Alvestadkroken blir berekna å starta opp 1/11 og vil foregå i ein månad, slik at Hans Alvestad endelig får tilknytting til det nye huset sitt. Så blir der ein pause til etter nyttår, slik at Alvestadkroken Land-handel blir minst mulig skadelidande i julehandelen. Anlegget blir ferdigstilt i februar 2002.

Vannledningen til Våga har planlagt oppstart 1/12 og er venta ferdig i mars 2002.

Utfylling av molo i Hålandsjøen vil sannsynlegvis starte opp 12/11 og bli ferdig i april 2002. Då er arbeidet med å få til ein etterlengta småbåthavn i samarbeid med båtforeningen endeleg i gang.

Barnehagesatsane

Bokn kommunestyre har vedtatt å nytta ekstramidlar frå staten til å auka sysken-moderasjonen til 50% og redusera foreldrebetalingen med 150,- kroner for ein fulltidsplass i barnehagen. Dette gjer Bokn barnehage til ein rimlig barnehage, og me håpar at det gjer det endå bedre for barnefamiliar å bu på Bokn.

TV-aksjonen

Rogaland har i fleire år vore i landstoppen når det gjeld innsamling til denne aksjonen, og Bokn ligg igjen i toppen blant kommunane i fylket. I år blei me den tredje beste kommunen med kr. 41.790,- Det tilsvarte kr. 52,77 pr. innbyggar. Eit flott resultat. Bokn formannskap løyvde kr. 6.000,- til aksjonen. Utsira tok ( sjølvsagt ) førsteplassen, medan Forsand kom blei nr. to.

Kommunekomiteen bestod av kulturseksjonen, kyrkjevergen og underteikna. Det var Bokn sokneråd som gjekk med bøssene, og eg vil retta ein stor takk til dei.

Svein Ove

 

September 2001

Hei!

Tragedie

Når eg skriv dette har det ufattelege og dyp tragiske skjedd at nokon har køyrd fly rett inn i to skyskraparar og Pentagon i USA. Tusenvis av mennesker er antakelig drepne og våre tankar og medfølelse går nå til alle pårørande. Heile verdenssamfunnet, også me, fordømmer det som har skjedd, og står bak USA med hjelp til ofrene og for å oppklara kva som har skjedd. Det som me gjer blir smått, men eg skal prøva å skrive litt.

Valet

Først vil eg gratulera med vel overstått val. Valdeltakinga i Bokn var 78,5 %, noko som er over landsgjennomsnittet, og må seiast å vera bra.

Skuleutbygginga

Bokn står foran ei stor utbygging og ombygging av skulen vår, og i valkampen gjekk dei fleste partia ut og lova ei satsing på skulen. Formannskapet har av den grunn endra litt på tidsplanen for utbygginga slik at oppstart blir på nyåret 2002. Dette for ikkje å mista eventuelt tilskot frå staten. Ferdigstilling blir då oktober/november 2002.

Fylkesvegplanen 2002 - 2005

Denne planen er ute på høyring. Formannskapet beklager at rammene ikkje er større og krev at rammene må aukast. Formannskapet er også bekymra for kvaliteten på vegane i Bokn, og krev at vegane må rustast opp slik at akseltrykket kan settast til 10 tonn.

”Rogfast”

Arbeidet med "Rogfast"  går også sin gang og Formannskapet har bevilga kr. 10 000,- som Bokn sin andel til konsekvensutredning. Konsekvensutredninga vil sjå på alternative trassear, trafikkavvikling, næringsutvikling, sikkerhet, beredskap, miljø, forureining o.s.v. Den naturlige trassen er frå Bokn til Randaberg, noko som alle unntatt Karmøy går inn for. Bokn blir ein sentral part i det vidare arbeidet med "Rogfast", og ein tek sikte på at Kommunestyret skal endelig behandla reguleringsplan i 2004.

Hestesports-/reiselivsanlegg

Formannskapet har innstilt ovenfor Kommunestyret at ein arbeider vidare med å få etablert eit hestesportanlegg og reiselivsanlegg i kommunen. Arbeidet nå vil bestå i å få ein eller fleire potensielle utbyggarar med vidare. Bokn kommune skal sjølvsagt ikkje stå for utbygging og drift, derfor må nokon vera med. Me har også avtala møte med fylkesordføreren og SND for å få dei med på å finansiera arbeidet vidare, i tillegg til dei 100 000,- kr. som Bokn kommune går inn med.

Trafikksikkerhet

Formannskapet har også bevilga 60 000,- for å få laga ein trafikksikkerhetsplan. Denne planen må me ha for å få midlar til trafikksikkerhets tiltak som sykkel og gangstiar.

Gardsbruk

Kan og opplysa om at det ikkje blir noko av at kommunen sitt planlagte kjøp av gardsbruket til Henning Bokneberg, då ein familie yskjer å kjøpa. Eg ser på det som ei god løysing og ynskjer dei lykke til i nye omgivelsar.

Svein Ove

 

August 2001

Hei!

Håpar alle har hatt ein fin sommar og lada batteriene til hausten og vinteren.

Fint gjort!

På skulen er der nokre som har hatt elev-bedriftar, bl.a. laga såper.Ved sal av desse såpene har dei fått et overskot, og før ferien ga dei pengene til sjuke-heimen. Pengane skulle brukast til is og anna kaffigodt i sommar. Eg synest det var veldig fint gjort, og viser at ein har omtanke for kvarandre. Tusen takk!.

Galoppbane i Rogaland

Før ferien, den 18/6, arrangerte Bokn kommune og fylkesmannen i Rogaland eit møte for å sjå på mulighetene for å få ein galoppbane i Rogaland. Bokn er då selvsagt interressert i å sjå på om dette er noko for oss. Her deltok folk frå Øvrevoll, Forus og hestesportmiljøet forøvrig.

Erik Eikje er saman med undertegna med i ei gruppe som skal arbeida videre for å sjå på mulighetene.
På samme møte presenterte Høgskulen i Stavanger ein forstudie i utvikling av eit reise-livsanlegg på Bokn, spesielt tilrettelagt for funksjonshemma. Konklusjonen er heilt klar på at Bokn er rette plassen og at der er eit marked. Dette er eit prosjekt med store muligheter,

skaffe arbeidsplasser og fritidstilbud på Bokn. Formannskapet skal nå behandle saken og

avgjere om, og korleis me skal gå vidare.

Regionaltilskot

I forrige blad var eg inne på økonomien til Bokn kommune. Bokn har nå fått bekreftelse frå

Kommunaldepartementet på at Bokn får regionaltilskot i år 2002. Dette betyr at me ikkje får ein reduksjon i overføringane på ca. 4 mill. kroner, noko som hadde vore dramatisk for oss.

Arbeidet med budsjettet for 2002 starter nå opp, og kommunestyret vil ha ein samling i

slutten av september for å gå gjennom situasjonen nå og legge planar for neste og kommande år.

Omsorgsbustader

Regjering og storting har sett i gong ei satsing på bygging av omsorgsbustader og nærmast lova kommunane tilskot. Nå viser det seg at det ikkje er bevilga penger til meir enn ca 1/3 av kommunane sine behov. Bokn har ikkje fått svar på sin søknad, men håpar at me har ein så god søknad at me vil få tilskot. Eg trur ikkje Bokn har økonomi til å bygga utan tilskot, så det er avgjerande at me får tilskot. Det blir derfor arbeida administrativt og politisk for å få Stortinget til å bevilga meir pengar og sikra Bokn tilskot.

Trafikkultur

Det er farlig å ferdast i trafikken, noko me fekk føla i sommar med ei ulykke på E 39. På Bokn har me smale og svingete vegar, oftast utan fortau. Vegane er skuleveg og går gjennom boligområde. Barn og unge har ein tendens til å opphalde seg på vegane. Dette må me som bilistar ta hensyn til og ikkje køyre unødvendig og fort, t.d. gjennom byggefeltet i Hålandsjøen. Samstundes må ungane opphalde seg minst mulig i vegen og lære seg faren med bilane. Med andre ord me må ta hensyn til kvarandre. 

Svein Ove

 

Juni 2001

Hei!

Bygdeboka

Nå er endelig den svært etterlengta bygdaboka for Bokn komen, med gards- og ættesoge for 11 gardar. Arbeidet med dei 16 neste gardane pågår, og det er forventa at ho er klar til jul.

Det var i 1986 at kommunestyret valgte bygdaboknemnd. Det var ikkje meininga med ein gong å skriva bok, men samla inn historie frå Bokn og frå utvandringa. Etter kvart fekk ein økonomien på plass og Birger Lindanger blei ansatt for å skriva boka. Boka gir ei flott oversikt over slekters gang, busetnad, korleis boknarane livberga seg og deira levekår. Me får eit innsyn i korleis livet har vore både til kvardag og fest. Boka består av mange fine bilder, og eg vil takka alle som har stilt bildene sine til disposisjon for boka og den store bildesamlinga Bokn fekk. Boka er og oppdatert til og med år 2000, noko som er uvanlig, men svært gledeleg.

Sjølv om arbeidet med boka har tatt mykje lengre tid enn berekna har forfattaren Birger Lindanger, stått på og gjort ein stor innsats som me set stor pris på.

Det var Sigvart Våga, Solveig Ellingsen, Målfrid Kro Trosnavåg, Liv Vatnaland, Olaug Hognaland, Svein Ivar Langhelle og Vidar Grønnestad som blei valgt til nenmd. Bortsett frå Vidar Grønnestad som trekte seg har dei samme personane vore med heilt frå starten av.

Det er heilt fantastisk at dei same personane har holdt ut i så mange år. Dei har ikkje hatt godtgjering for arbeidet og brukt svært mykje av fritida si.

Ein slik innsats er det svært vanskelig å få gitt uttrykk for kor mykje me set pris på.

Eg trur at sjølve boka er ein stor glede for nemda, men Formannskapet har gitt nemda og forfattaren ein gratis tur til Røros, for å visa at me set svært stor pris på arbeidet som dei har lagt ned. Takk for innsatsen til alle som har bidratt!

Den økonomiske situasjonen

Som nemnt tidlegare var den økonomiske situasjonen for Bokn svært usikker. Me har nå fått ein avklaring, og det ser ut til at Bokn har fått gjennomslag for synspunkta sine. Bokn vil då komma inn under kriteriene for tildeling av regionaltilskudd, som me hadde før 1999. Bokn vil med dette ha stabil inntektsutvikling framover, og ikkje ein nedgang som tidligare frykta.

Bygdabladet

I forbindelse med den usikre økonomiske situasjonen har et utvalg sett på andre alternativ til bygdablad enn det me har i dag. Bokn Bygdablad blir sett stor pris på av befolkningen på Bokn og andre, og Formannskapet har sagt at me ikkje vil endra på utgiving eller form, for å opprettholda dette fine tilbodet. Formannskapet håpar og at Bokn Bygdablad kan få eit større og meir variert innhold som alle set pris på, noko som trygger at bladet framleis vil koma ut.

Med dette vil eg ønska alle ein riktig god sommar med fint vér.

Svein Ove

 

Mai 2001

Hei!

Nå er endelig våren komen, lamma er ute og det begynner å bli grønt. Det er ei fin, men travel tid for alle. Som kjent fekk kommunen eit overskot på 3,7 mill kr. i 2000, og det gjer oss i stand til å få utført mykje. Kommunestyret har vedtatt å kjøpe ny brannbil, legge vannledning til Våga, fylle ut molo i Hålandsjøen til småbåthavn, fikse opp løpebanen på idrettsanlegget og andre mindre men viktige investeringar. I tillegg er det håpet at ein komme i gang med utbygging på skulen med nye etterlengta klasserom for ungdomsskulen, auditorium og flytting av biblioteket.

Det er og eit håp at planlegging og godkjenning av nye omsorgsbustader blir ferdig i år.

2001 blir då eit svært aktivt og hendelsesrikt år på Bokn.

Takk til Stein Alendal!

Næringssjef Stein Alendal har slutta og eg vil takka han for innsatsen han har gjort for Bokn.

Det vil ikkje bli ansatt ny næringssjef, men rådmann og ordførar vil ha ansvaret, og alle henvendelser om næringsspørsmål skal nå rettast til rådmann eller ordførar. Ein ledig stilling som sekretær i Servicetorget har ikkje vore utlyst i påvente av revidert budsjett. Der er nå funne rom for ein utviding på 40%.

Revidert budsjett

Ellers medførte revidert budsjett at ein ikkje har redusert drifta i kommunen. Auka inntekter frå bl.a. Haugaland Kraft AS og reduserte renteutgifter er lagt inn i budsjettet. Dette gjer at kommunen får eit akseptabelt budsjett, utan rom for nye innvesteringar, i åra framover,  forutsatt at inntektene frå staten blir opprettholdt, og ingen ekstra utgifter.

Kommunen beklager

Under arbeid på ei av tomtene på Øyren-feltet blei det oppdaga at i skråningen ovanfor var det noko stein som låg rasfarlig til. Kommunen vil beklaga at dette ikkje var oppdaga tidlegare, men har fått ekspertise og entrepenør til å sjå på saken, og dei vil komma med anbefaling om kva som må gjerast. Kommunen er instillt på å få arbeidet gjort så fort som mulig, og vil dekka meirutgifter for byggherren.

17. mai

Feiringa av nasjonaldagen vår står for tur. Det er ikkje sjølvsagt at me har det så fredelig og godt i landet vårt, og eg vil minna på at det er lenge siden det har vore så mykje krig og uroligheter i verda som i dag. La oss derfor senda nokre tankar til dei som har det vondt, og håpa at dei kan få fred og feira sin nasjonaldag på same måte som me gjer. Då vil eg vil gratulera alle med dagen, 17.mai,  og ønske alle velkommen til ei tradisjonell feiring med tog, gudstjeneste, samling på Bokn skule og fest om kvelden.

Svein Ove

 

April 2001

Ein positiv og servicevennlig kommune

Me ønsker alle at Bokn skal opplevast som ein positiv og servicevennlig kommune. Nokon har dessverre opplevd å få avslag på søknader om bygging eller andre tiltak i Bokn. Det er ikkje mulig å innfri alle søknader, me har mange hensyn å ivareta. Statlege og fylkeskommunale organ har sitt å seia, og me skal ikkje gjera noko som er til stor sjenanse for naboar eller andre grupper av innbyggarar.For å setta dette enno meir på dagsorden har Formannskapet vedtatt ein uttale som ber administrasjonen og politikarane om å opptre slik at Bokn blir oppfatta som ein positiv og servicevenlig kommune. Det er mitt håp og ønske at flest muleg skal få JA.

Overskot

Rekneskapet for 2000 er nå klart, og det viser eit ikkje disponert overskot på 3,7 mill. Dette er større enn nokon gong og gjer at me kan få utført fleire ting. Årsaken til det store overskotet er i hovedsak høg skatteinngang på utenlandske arbeidarar på Europipe II og eigedomsskatt frå Kårstø. Ved revidering av budsjettet for 2001 og bruk av overskot er det bl.a. mulighet for ny brannbil, småbåthavn, vatn til Våga, kloakkanlegg i Alvestadkroken, og sikringsarbeid i Hålandsjøen boligfelt. Dette vil Kommunestyret ta stilling til i møte 25/4.

Ride/aktivitetssenter

Formannskapet har også vedtatt å engasjera Høgskulen i Stavanger til å laga ein forstudie på muligheten for ride/aktivitetssenter på Bokn. Eg ser med spenning fram til dette arbeidet.

Bokn Sanitetsforening

Eg kunne dessverre ikkje delta på årsmøtet til Bokn Sanitetsforening, så eg vil benytta høvet nå til å retta ein stor takk til Sanitetsforeningen for løftestolane som sjukestova fekk. Det er prisverdig at Saniteten stiller opp på denne måten og bidrar til ein betre kvardag for bebuerane og dei ansatte på sjukeheimen. Eg vil og få takka Sanitetsforeningen for at dei alltid stiller opp på ulike arrangement. Vaflene på torsdagen er svært gode.

Havnavegen Velforening

Havnavegen Velforening har engasjert seg for få ein sikker og god plass å bu. I samarbeid med kommunen vil ein nå setta opp eit gjerde langs E 39, og det vil bli skilta fartsgrense på 30 km gjennom feltet. Håpet er det vil vera med på å redusera risikoen for at nokon blir skada i trafikken.

Bilist 2000

Bokn kommune er blitt oppfordra av Kvitsøy kommune til å delta i kampanjen BILIST 2000. Eg har meldt Bokn kommune inn og vil oppfordre alle til å visa respekt for fartsgrensene og bruka bilbelte. Bokn må ikkje mista nokon i trafikken.

Med desse ord vil eg ønske alle ein riktig god påske enten det blir til fjells, på sjøen eller heima.

Svein Ove

 

Mars 2001

Hei igjen!

Folketalet

Foreløpige tal for befolkningsutviklinga er nå klar, og Bokn hadde igjen ein auke og hadde 31/12 -00  792 innbyggarar. Det er svært gledelig at me har ein auke i folketalet på eit nivå rundt 800 innbyggarar, noko det er svært lenge siden Bokn hadde. Dette viser at Bokn er inne i ein positiv trend og er eit alternativ for mange når dei skal etablera seg.

”Rogfast”

Bokn er i dag svært sentralt i Rogaland og har god kommunikasjon mot sør og nord. Ønsket om ein fergefri kryssing av Boknafjorden, med tunnel frå Bokn til Randaberg, har vore der ei stund. Nå har Rogaland Fylke satt i gang eit arbeid med å utreda mulighetene for "Rogfast" .  Bokn, saman med fleire kommunar, blir nå invitert til å delta i arbeidet med å få undersøkt mulighetene for gjennomføring av prosjektet. Etter mi meining er det viktig at Bokn er med.  Bygging av tunnelen betyr både store muligheter og store utfordringar for Bokn. Derfor må me få sannsynliggjort kva endringer som vil skje på Bokn, for å forbereda oss best mulig og stilla krav til prosjektet.

Aktivitetssenter

Arbeidet med å sjå på muligheten for å få eit ride/hestesportanlegg på Bokn har pågått ei stund. For at eit slikt anlegg skal kunna drivast økonomisk må anlegget brukast mykje. Derfor har saken utvikla seg vidare, og ein er nå kome så langt at kommunen har hatt kontakt med reiselivsavdelinga på ”hotell høyfagskolen” i Stavanger, som har sagt seg villig til å vera med å laga ein prosjektbeskrivelse og eit forprosjekt for å sjå på mulighetene for eit aktivitetssenter i Sandvika. Så langt kan det tyda på at å satsa på eit senter spesielt tilrettelagt for funksjonshemma, med mulighet for t.d. ridning, idrett, friluftsliv kan vera rett. I denne samanheng har me også vore i kontakt med Øvrevoll galoppbane, som er interessert i ein trenings- og vinterbane på Vestlandet. Bokn kan vera ein mulig stad for plassering av dette anlegget.

Båthavn

Sidan E39 over Bokn var ferdig har det ligge ein stor steinfylling på austsida av vegen ved Knarholmen. Fyllinga var tenkt til ein raste- infoplass med mulighet for salg. Etter lange samtaler med vegvesenet får me ikkje ein enkel utkjørsel, men berre på/avkjørsel som tar heile plassen.

Formannskapet har foreslått for Kommunestyret, endelig beslutning blir tatt 25/4, at fyllingen skal fjernast og ein får ferdig planert næringsområde nedafor vegen. Massen er tenkt køyrd ned til moloen i Hålandsjøen for at Bokn skal få ei skikkelig båthavn. Kommunen vil gå i dialog med Bokn Båtforening eller annan forening om å stå for leige eller kjøp av båtplasser. Det er håp å få 40 nye båtplasser.

Brannbil

Etter ei vurdering har kommunen konkludert med at Bokn må ha brannbil, og at den me har er så dårlig at han må skiftast ut. Formannskapet har derfor innstilt for Kommunestyret at der blir kjøpt ny brukt brannbil.

Vegnamn og husnummer

Formannskapet har behandla utkast til vegnamn på Bokn, og dei blir nå lagde ut til høyring. Me håpar på stort engasjement og mange innspel. Kommunestyret vil ta endelig stilling til vegnavn til hausten. Det blir då husnummer slik at post og folk finn fram ved hjelp av skilting og kart.

Likningskontoret

Det er fare for at Bokn likningskontor blir nedlagt og Bokn vil høyra til innunder eit distriktskontor i Haugesund. Kommunen vil nå jobba for at me skal få best mulig service på Bokn i ein eller annan form.

Svein Ove

 

Februar 2001

Godt Nytt år!

Me er nå komne godt i gong med år 2001, og nyttårsfeiringa har gått bra, med markering i kyrkja og på skulen (kunne ønska oss større deltaking), og ellers i heimane. Under samlinga på skulen blei det trekt ut tostk. som hadde vore på tur til Boknafjellet, Malin Taraldlien og Arvid Holberg. Lars Hansen hadde vore på fjellet 37 gonger i fjor, fantastisk! Dei vil få kvar sitt krus.

Kommunebudsjettet
Kommunestyret har behandla budsjettet for 2001 og økonomiplan for 2001-2004. Som sagt tidlegare vil økonomien bli strammare i Bokn pga. store investeringar i skule og omsorgsbustader og utfordringar i helse og omsorgssektoren. For å klare desse utfordringane må kommunen effektivisera og spara inn ca. 2 mill. kr på drifta innan år 2004. Kommunestyret har derfor bedt om eit revidert budsjett og økonomiplan innan mai 2001 for å synleggjera konsekvensar og tiltak.
Utanom nemde investeringar er det kun funne plass til ei lita utviding av vannledningen, og ingen nye driftstiltak.
Me har eit håp om at det blir overskot på rekneskapet for år 2000, slik at me kan få utført andre ting i 2001 og.

Arbeidsplassar
Prioriterte arbeidsoppgåver nå framover blir å få etablert fleire arbeidsplassar på Bokn, og få etablert fleire bedrifter på Knarholmen. Arbeid med å få småbåthavn på Bokn vil også bli prioritert.
Bokn har fått ca 1.3 mill. kr til eit kommunalt næringsfond frå staten, som ein kompensasjon for at bedriftene her fekk auka arbeidsgjevaravgifta. Dette næringsfondet skal brukast saman med næringslivet, og ei gruppe arbeider nå med korleis pengene skal brukast. Me har og fått lovnad om ca. 1 mill. kr. i 2002 og 2003. La oss tru at dette kan gi oss nokre sårt tiltrengde arbeidsplassar.

Skøyteis
I desse dagar er det eit yrande liv på isen på Boknabergsvatnet. Det er kjekt å sjå at så mange, spesielt unge gler seg over å få skøyter på beina. Her får ein både frisk luft, mosjon og ei flott naturoppleving. Dei gamle lysa er dessverre borte, og kommunen og kraftlaget vil prøva å setta opp nye lys. Det blir kanskje ikkje bruk for lysa i år, men dei vil stå klare til neste gong. Ein stor takk til alle som har bidratt til at me har kunna hatt det så fint på isen.

Årsmøtetid
Det er nå tida for at lag og organisasjonar har sine årsmøter, og eg vil nå komma med eit hint om at eg kan tenka meg å bli invitert. Så vil eg så langt det lar seg gjera delta på årsmøtene for å få innsikt i kva ein driv med, og kan dermed kanskje hjelpa til at alle lag og organisasjonar kan gjera ein fortsatt god innsats.

Svein Ove