Ordføraren har ordet, år 2000

Svein Ove Alvestad:

Desember 2000

Hei alle saman!

Me nærmar oss nå jul og nyttår igjen, dette året har gått svært fort og eg har vore ordførar i eitt år. Det har vore kjekt og interessant, og eg håpar de er rimeleg fornøyd med tingenes tilstand på Bokn. Sjølvsagt er der mykje som kunne vore betre, og det vil me prøva å gjera noko med. Men eg vil understreka at kommunen ikkje kan gjera alt. Det er i dag fleire ildsjeler som legg ned ein

fantastisk innsats for at frivillige lag og organisasjonar skal fungera, desse må me passa på og hjelpa slik at dei ikkje blir utbrende og gir seg.  Ein stor takk frå heile Bokn til dei. Me som innbyggjarar må engasjera oss i livet på Bokn, det vera seg idrettslag, speidaren, musikkkorps, kristne lag, fritidstilbod for unge, politikk, osv., for at tilboda skal vera der, og det fortsatt skal vera godt å bu på Bokn både for unge og gamle.

Det har vore et fest- og jubileumsår med mange arrangement, som eg trur mange har satt pris på. Det har også vore eit år kor mykje har skjedd på Bokn. Nytt boligfelt på Austre Bokn, kor der er selt 10 tomter, og eg ønsker alle dei velkomne. I tillegg vil kommunen bygga 4 ungdomsleilighetar der, kontrakten med Block Watne er underskriven og leilighetane skal stå klare 15/8 2001. På grunn av eit svært godt samarbeid mellom kommunen og grunneigarar/brukarar har me også fått bygd ut vannverket til Øvrabøvågen.

Ny barnehage er ferdig, ungane og ansatte trivst svært godt, og det er allerede fleire som har søkt om plass, og utviding er lagt inn i budsjettet for 2001. Utbygging på skulen er også vedtatt og vil starte opp neste år. Alle desse utbyggingane, spesielt skuleutbygginga på ca. 16 millionar kroner, sterk lønnsauke og endring av kommunane sin økonomi gjer at Bokn får ein svært stram økonomi framover med svært få investeringar, og ikkje utviding på drifta, heller innsparing.

Kommunestyret skal behandla budsjettet 13/12.

Bokn kommune har satt i gang eit prosjekt for å få etablert nye arbeidsplassar på Bokn. Det er

ikkje lett men me har fått ny verksemd i det kommunale verkstadbygget, Olufsen skipsservice AS, etter Bokn mek.verkstad. Dei har nå 4 arbeidsplassar på Bokn, og held på å veksa ut or bygget. Det har ikkje lukkast å få etableringar i Knar-holmen enno, men dette arbeidet vil bli prioritert i 2001. Ellers har kommunen bidratt til at enkeltpersonar har starta verksemd, og vil her nevna Kjell Olav Skjelde som har starta opp som anleggsgartner. Loden Laks AS er ein av partane i Storm Havbruk AS som har fått forskning og utviklingskonsesjon i 3-5 år, for å utvikla eit nytt oppdrettsanlegg for ekstreme værforhold, rømmingstryggleik og betre forhold for fisken. Anlegget blir utplassert i Boknafjorden ved Kråke sør for Loden i januar 2001.                                                     

Ellers prøver me å støtta opp om det eksiserande næringslivet så godt me kan, slik at dei får utvikla seg vidare. Bokn, Tysvær, Karmøy og Haugesund har nå undertegna avtalen om etablering av et inte-kommunalt tomteselskap som skal få industrietablering til i

regionen. Først på planen står utvikling av Tysvær næringspark i Gismarvik, og det vil bli viktig for Bokn at det blir etablert industri-arbeidsplasser der så snart som muleg.

Årets siste dag blir markert som i fjord med gudsteneste, fakkeltog og samling på skulen. Eg ønsker alle vel møtt.

Så med håp om at 2001 blir like innholdsrikt som 2000 og framgangen fortsetter, vil eg ønske alle ei god jul og eit godt nytt år!

Svein Ove Alvestad

Ordførar

Program nyttårsafta 2000
16.00     Gudstjeneste
17.00     Fakkeltog fra kyrkja til skulen
17.30     Samling på skulen.
- tale av ordføraren
- trekning av krus for tur på Boknafjellet
18.50     Avslutning med sang og fyrverkeri.             

Alle er hjarteleg velkommne.

 

November 2000

Hei igjen!

Nå nærmar det seg opning av den nye barnehagen, offisiell åpning blir 28/11 av Fylkesmann Tora Aasland, noko me alle ser fram til. Barnehagen vil få 40 plassar, dobbelt så mange som i dag, to avdelingar, fine arbeidsforhold for både barn og ansatte med varme i golv, trivelige lokale og fine leikeforhold ute. Bokn har stort sett alltid hatt full barnehagedekning, med venteliste det siste året, og så er det å håpa at me som politikerar klarar å finna plass til auka drift når behovet tilseier det. Eg ønsker heile Bokn lykke til med ny barnehage.

Me hadde besøk av Fylkesordførar Roald Bergsaker den 8/11. Bergsaker hadde samtalar med Formannskap og administrasjon om saker me er opptatt av i Bokn, t.d. hestesportanlegg og næringsutvikling.

Som nevnt får me besøk av Fylkesmann Tora Aasland den 28/11, og i tillegg til opning av barnehagen blir der møte kor kommunen sin økonomi og Fylkesmannen sin innblanding i Bokn sine prioriteringar av utbyggingar og tiltak vil bli diskutert.

Kommunestyret har hatt ein debatt om korleis ein såg for seg utbygginga på skulen. Debatten enda opp i at Kommunestyret såg for seg ein utbygging på skulen med auditorium og felles skule- og folkebibliotek. Personlig trur eg at eit auditorium vil bli svært mykje brukt til undervisning, framføringar, kurs, møte, og kanskje til enkle filmframvisninger på både dag og kveldstid. Så nå ventar me spent på kva løysing skuleutbyggingsnemnda kjem fram til. Det er sett av ca. 16 millionar kroner til denne utbygginga, noko som blir eit stort løft for Bokn.

Formannskap og administrasjon er i gang med budsjettet for 2001 og økonomiplan for 2002-2004. Situasjonen for 2001 ser rimelig grei ut, men situasjonen vidare er meir usikker p.g.a. tap av kompensasjon for bortfall av regionaltilskudd på ca 4 mill. kroner. Dette arbeider me nå med å få beholda, og skal i møte med Kommunaldepartementet 6/11, og håpar på positivt utfall der.

Det kan vel ellers nemnast at der ikkje ser ut for å vera rom for noko særleg nye tiltak og investeringer utanom skuleutbygginga. 

Svein Ove Alvestad

 

Oktober 2000

Hei!

Så er nok ei festuke over. Me har opna tusenårsplassen med det nye kvernhuset. Sjølv om der var svært dårleg ver møtte over 100 innbyggarar opp, det var flott. Eg trur at dette vil bli ein fin møteplass, midt mellom "Krojen" og "Vigjå" og ved sykkel og gangstien, for ein drøs og gjennskaping av forholda for 100 år

sidan. Dagen etter var det mortakast og underhaldning med saltsprengd mort på sjø-huset. For oss som deltok blei det ei mimring om hummarfiske og tradisjonar som var vanlege på Bokn tidligare.

Ei  gledeleg sak er at første bind av bygdaboka med gards og ættesoga for gardane på Ognøy, Austre Bokn, Sæbø, Boknaberg og Alvestad er klar, og vil bli å få tak i til jul. Andre bind vil koma til våren. Prisen for begge binda blir på kr. 800,-.

Bokn kommune er i vekst og hadde i 1999 ein vekst på 4,6%, noko som er av det høgaste i landet. Folketalet ligg nå på ca 790 innbyggarar.

Den 7-8/9 var kommunestyret og seksjonsjefane på strategisamling på Vertshuset på Rennesøy. Der diskuterte me mål for Bokn. Konklusjonane blei at Bokn skal vera eit livskraftig lokalsamfunn i utvikling og at me blir 900 innbyggjarar i 2010.

Utfordringane nå blir korleis me skal oppnå det. I kommuneplanprosessen, kor mange av dykk deltok, kom ein fram til nokre satsingsområder.

1. Satsa på ungdom
2. Skaffa arbeidsplasser
3. Markedsføra Bokn
4. Ha tilgang på boligtomter og boligar
5. Skulen.

Desse satsingsområdene blei i store trekk også nevnt på strategisamlingan, der skulle me bli meir konkrete og koma med enkelttiltak. Desse enkelt tiltaka blir nå gjenstand for ein diskusjon i budsjett-samanheng.    

Vil også nevna at når eg overtok som ordførar laga me eit prosjekt kor me tok dei tre viktigaste satsingsområda og laga handligsplanar, kven som var ansvarlege og framdriftsplan for kvart enkelt tiltak. Dette byrjar nå å gi resultat i form av optimisme for Boknasamfunnet. Næringslivet og folk ser Bokn som eit alternativ for etablering.

Eitt av tiltaka for å skaffa arbeidsplassar var å etablera eit regionalt utbyggings-selskap for å utnytta gassmengda i området. Dette er nå i ferd med å bli ein realitet ved at Tysvær, Bokn, Karmøy og Haugesund går saman om å danna eit slikt selskap. Så er det berre å håpa at der kan bli arbeidsplassar på Gismarvik eller Austre Bokn.

 

September 2000

Nå er det som skulle ha vore sommar over, 1. klassingane er begynt på skulen, og eg ynskjer alle dei, resten av elevane og lærarar velkomne til eit nytt skuleår.

Bokn har dei unge som eit av satsingsområda, og kommunen brukte ca 80 000,- kr. på å skaffa ungdom sommarjobb i kommunen og i bedriftar i sommar. Dette var eit spleiselag kor bedriftane dekker sin del av utgiftene.

Det er 33-34 ungdommar som har hatt sommarjobb i dette spleiselaget. Kommunen har fått utretta mykje forefallande arbeid, og prosjektet var med på at me fekk sommaropen barnehage.

Bokn vil fortsetta feiringa av 150 års jubileumet og tusenårsskiftet. Den 28/9 skal me opna Tusenårsplassen ved Kvednabekken. Det skjer ved å mala korn i det nye kvernhuset som blir satt opp. Kvernhuset blir satt opp på dugnad, og eg vil retta ei stor takk til Leif Vatnaland og Ottar Håland, og andre som har brukt svært mykje tid på dette prosjektet.  

Den 29/9 vil stå i fiskets tegn med mortakast på gamlemåten. Noko av morten vil bli servert på Sjøhuset om kvelden, og det kan kanskje bli anledning til å skaffa seg mort til teinemat. Me vil også få besøk av Lasse Pedersen som vil halda eit kåseri.

Formannskapet har vedtatt at ungdomsprosjektet med Ann Kristin Grønnestad skal fortsetta ut året. Ungdomstreffa og datatreffa i helgene vil då fortsette fram til jul.

Ellers kan eg nemna at driftsstyret har fordelt kr. 90.000,-  i kulturmidlar til lag og organisasjonar i Bokn. Det er og bevilga kr. 20.000,- til frivillige lag, som ekstra tilskudd i år 2000. Det frivillige arbeidet som de legg ned i lag og organisasjonar er svært viktig for Bokn, og me set stor pris på det.

Arbeidet med planlegging av ombygging/utbygging på skulen pågår. Det er avsett 15 mill kr. til ombygging på skulen. Då vil han vera ferdig renovert, og kunne ta imot mange fleire elevar til gode arbeidsforhold både for elevar og lærarar. Me vil også få flytta folkebiblioteket sammen med skulebiblioteket slik at der blir betre plass på Allrommet på Boknatun.

Planlegging av nye omsorgsbustader pågår også, og det er planen å bygga dei nordover i eitt med sykehjemmet.

Der er også innleia et samarbeid med Block Watne og Husbanken for å få bygga 4 gjennomgangsbustader for unge på Austre Bokn. Her vil antakelig kommunen stilla gratis tomter til disposisjon.

Alle desse utbyggingane vil antakelig bli vedtatt av kommunestyret hausten 2000, og gjennomført i 2001/2002.

Formannskapet har også vedtatt at Kyrkjebygd skule blir eit kultur- og aktivitetshus med husflidsaktivitetar i 3. etasje, og 1. og 2. etasje blir prioritert barn og unge.

Der vil bli ein gjennomgang av bygget for å sjå på opprusting og endelig romprogram.

Med helsing

Svein Ove Alvestad
Ordførar



Juni 2000

Hei, igjen!

Tida går fort og sommarferien står for tur for dei aller fleste. Tirsdag 23/5 hadde me storfint besøk på Bokn, då m.a. statssekretæren i Olje- og energidepartementet, direktørar i fleire oljeselskap og ordførarar i Tyskland og Norge var på Sjøhuset i Alvestadkroken til lunsj, etter den offisielle opninga av Europipe II på Bygnes.

KPC og Statoil er nå snart flytta frå Knarholmen, og me har begynt arbeidet med å få nye bedriftar til åetablera seg her. Det er nå ein reguleringssak for området ute til høyring, og kommunen har invitert ca 100 bedriftar og personar til Bokn den 16/6 for å informera om mulighetene som finst. Så er det å håpa at me klarar å få napp.

I forrige nr. av Bygdabladet informerte eg om at kommunen hadde store overskot, nå må eg dessverre seia at eg er uroleg for økonomien framover. I Stortingsmeldinga som Kommunal-departementet la fram om kommuneøkonomien blir Bokn ein av dei store taparane, og får redusert overføringane sine med ca. 4 mill kroner. Dette er ikkje behandla i Stortinget enno, men ein må nok rekna med ein reduksjon i inntektene. Dette gjer at det blir vanskeleg å oppretthalda og utvida tilboda kommunen gir til innbyggjarane.

Det blir også vanskelegare å foreta nye investeringar. Politikarane på Bokn vil nå gjera det dei kan for å få til ei best muleg løysing for Bokn, og at konsekvensane blir minst muleg.

Formannskapet har nå bestemt at me byrjar på kloakkledningane i Alvestadkroken. Arbeidet reknar ein med vil starta i september, og vil medføre ein del praktiske problem for mange med bl.a .stengte vegar ei stund. Ein reknar med at arbeidet kan gjennomførast innan ei ramme på 1,2 mill.

Det er også vedtatt ein del tiltak for å trafikksikra den nye vegen til Boknatun og skulen, med fartsdumpar og skilting. Det vil også bli opparbeidat fleire parkeringsplassar.

Svein Ove Alvestad
Ordførar 



Mai 2000

Så er endelig våren kommet og det med glans, det blei sommer med ein gong. Det er ei tid kor alle har det travelt, så også i kommunen. Då er der mange årsmøter, generalforsamlinger og andre møter så eg må beklage at eg kan være litt vanskelig å nå.

Som dokke sikkert har sitt så er arbeidet kommet i gang på barnehagen og den  berekna å være ferdig høsten 2000, noko me ser fram til.

Me arbeide også med et prosjekt for å få bygget 2 ungdomsboligar i samarbeid med husbanken. Får me alt til, kan dei byggast høsten 2000/vinteren 2001. Det er noko som mange unge har venta på lenge.

Det er også et arbeid i gang for å få til et regionalt rideanlegg på Bokn. Dette er noko som vil gi Bokn store muligheter. Der kan bli avholdt regionale, nasjonale og internasjonale stevner. Anlegget kan brukes i reiselivssammenheng, leirskule og selvfølgelig gir det store muligheter for å drive med hest på Bokn. Kanskje burde vi i samme slengen planlegge for et grendahus i nærheten?

Kommunen har fått ny leigar av verkstaden på Alvestad. Harald Nygård og Bokn Mekaniske har sluttet og solgt verktøy og maskinar til Olufsen Skipsservice AS. Eg vil takke Harald for den tida han har hjulpet Boknarane og ønske Olufsen Skipsservice As lykke til.

Bokn kommune hadde et godt år i 1999 og fekk et udisponert overskudd på ca 3 mill. kr. Dette skyldes i stor grad skatt frå utanlandske arbeidarar i Knarholmen. 

Dette har kommunestyre vedtatt disponert slik:
300 000,- til tilfeldige utgifter etter vedtak i formannskapet.
700 000,- avsett til tilleggsløyvingar.
1 000 000,- avsett til næringsføremål/gjennomføring av kommuneplan.
1 039 000,- avsett på kapitalfond.

Formannskapet har brukt av desse midlane til:
100 000,- til bord, stolar, kjøkkenutstyr og div. inventar i gymsalen.
90 000,- til digitale kart(geovekst-prosjekt).
70 000,- til utbedring av kommunale kaiar,  i samarbeid med båtforeningen.
100 000,- til 150 års jubileumet.

17.mai komiteen har også i år stelt istand ein tradisjonell feiring av nasjonaldagen, og eg vil ønske alle lykke til med feiringa av 17 mai og velkommen på dagen og til fest om kvelden.

Svein Ove Alvestad
Ordførar

 

April 2000

Som de alle nå veit så blei Bokn kommune 150 år 18. mars i år. Det blei feira med folkefest på skulen lørdag 18/3 og mandag 20/3. I tillegg til lokale krefter hadde me fått med oss Hanne Krogh og Vestlands-fanden. Dette blei to uforgløymelege kveldar med ei fantastisk stemning.

Då Tina og Hanne saman song Tusenårssongen, rørte det ved følelsane mine og sikkert andre sine, det var utrulig vakkert. Me fekk ein reprise fra 1985 då Anne Tove og Hanne song "La det swinge". Dei hadde også laga ein ny "Boknasong" som fekk opp stemninga fleire gonger utover kvelden.

Vestlandsfanden fekk også opp stemninga på mandagen, godt hjelpne av korpset, og ungane såg ut til å storkose seg.

Tusen takk, alle som gjorde dette mulig.

Me har planlagt fleire markeringar av 150 års jubileet utover året, som me vil kome tilbake til seinare.

Bokn er nå i ferd med å bygge den første nye barnehagen, det første spadestikket vil foregå i nær framtid, og barnehagen vil vere klar til bruk før jul. Han blir plassert vest av skulen. Med det store fødselstallet me hadde i 1999 og kanskje i 2000 så treng barnehagen meir plass, og alle gler seg til opninga.

Der er ført vatn fram til Øvrabø, som har medført at 16 abonnentar har knytta seg til det kommunale vannverket. Det var et kommunalt og privat spleiselag som gjorde dette mulig, og eg vil understreke at når me får til ting i lag får me meir gjort og raskt. Eg er klar over at fleire nå vil ha kommunalt vatn, og me ser på kva me kan få til, men kommunen har ikke for mykje penger.

Til nå dette året er der tildelt 10 nye tomter i Øyrenfeltet ( sjå s. 20 ), det er både boknarar og tilflyttarar. I tillegg er det solgt 3 tomter i Hålandsjøen. Eg ønsker alle hjertelig velkomne som husbyggarar på Bokn.

Frå 1. april blei Bokn med i Karmsund Havnevesen. Det medføre at Havnevesenet får disposisjonsrett på kaien i Føresvik og Knarholmen, og dei blir underlagt Havnevesenet sitt reglement. All saksbehandling etter Havne og farvannsloven blir utført av Havnevesenet, der Kleng Våga er Bokn sin representant.

Til slutt vil eg minne om at Bokn har innført spørretime foran kvart kommune-styre, kor alle har mulighet til å stille spørsmål til politikarane om saker dei er opptatt av.

Er det ellers noko du vil ta opp med meg er det berre å ta kontakt.

Svein Ove Alvestad
ordførar