Vegutbetring og vassrøyrlegging

Fv. Odd Grønnestad, representantar frå Bjarne Nesheim Maskin AS og ordførar Tormod Våga. Foto: Jardar Havikbotn Jardar Havikbotn På fylkesvegen, ikkje langt frå Grieg Seafood sitt anlegg på Trosnavåg, føregår det i desse dagar to separate prosjekt, eit vassleidningarbeid i oppstartsfasen og ei vegoppgradering i sluttfasen.

VEGUTBETRING

- Sidan kommunestyrevedtaket for 1,5 år sidan har me fått dette til i rekordfart, seier ordførar Tormod Våga fornøgd.

Me er på veg ut til Trosnavåg, og køyrer frå Boknatun om «Hallvardskrossen» for å få med oss heile ruta. Heile vegen frå den kjente krossen til Trosnavåg er i ferd med å få ny standard.

Vegen har fått nytt berelag, blitt breiare og er nå godkjent for 10 tonns akseltrykk, mot tidlegare 8 tonns akseltrykk. Spesielt på strekninga Torland - Trosnavåg er oppgraderinga stor. Delar av han er også asfaltert.

- Nå kan køyretøy opptil 19 m bruka vegen, og Grieg kan få vogntog ut til seg, fortel ordføraren, og legg til at heile strekninga skal asfalterast på nytt neste år.

Det er Bjarne Nesheim Maskin AS som utfører arbeidet for Statens vegvesen.

Betyr mykje

- At vegen blir oppgradert er eit pluss for vår eksistens her, fortel produksjonssjef ved Grieg Seafood Rogaland, avd. Trosnavåg, Atle Jøsang.

- Nesten dagleg får me trailerar med oksygen, fór, m.m.

Vegarbeid og vassrøyrlegging skjer på same tid, så slepp ein å ta opp igjen. Foto: Jardar Havikbotn Jardar Havikbotn Bedrifta vil også spara ein god del.

- Nå kan dei køyra alle varene på store bilar, i staden for å fordela dei på fleire mindre bilar. Så dette betyr veldig mykje, seier Atle Jøsang, som er svært glad den nye vegstandarden frå «Hallvardskrossen» til Trosnavåg har kome så fort.

- Me såg for oss ein 10 års-periode, så det er imponerande at me har fått det på 1,5 år, seier han – og drøymer om ein 10 tonns-veg til lokaliteten deira på Hognaland i framtida.

- Berre starten

I følge ordføraren treng fleire vegar i Bokn oppgraderast, og nemner rundt Grønnestad og ut til Loten inkludert vegen til Hognaland. Desse signala er musikk i produksjonssjefen sine øyrer, og nemner at dei i dag har ein del transport mellom Trosnavåg og Hognaland, m.a. ein del fiskeyngel.

Spleiselag og positive grunneigarar

Grieg Seafood og Bokn kommune har gått inn med kr. 250 000 kvar, resten av utgiftene tar Statens vegvesen. Ein kvart million kvar har sin bakgrunn i dispensasjonsutfordringane hjørnesteinsbedrifta hadde då dei måtte ha inn kranbilar med krav om 12 tonns akseltrykk i det siste byggeprosjektet. Både ordføraren og produksjonssjefen er veldig glade for at alt løyste seg til slutt, og rosar også velvillige grunneigarar som sørga for at vegoppgraderinga kunne gjennomførast.

VASSRØYRLEGGING

I løpet av ein treårsperiode skal det leggast to strekningar med vatn:

1. Frå det nye vassverket på Vaulen, ned langs Grønnestadvegen over Gunnarstadsvatnet og ut til Trosnavåg.

2. Frå Vatnalandsvatnet ut mot Grønnestad og vidare ut mot Loten.

I tillegg skal det byggjast vasstårn på Austre Bokn, på vegen opp til Vardafjellet. Dette vil bety at nesten heile Bokn vil få tilgang på kommunalt vatn, og kan kobla seg til viss dei ynskjer det.

Drifts- og eigedomssjef, Kjell Arne Valentinsen, kan opplysa om at vasstårnet på Vardafjellet blir på 250-300 kubikk og skal m.a. betena Austre Bokn og Ognøy i tilfelle brot på hovudvassleidningen. Tårnet vil då sørga for at å halda trykket oppe, brannvatn, m.m.

Kan kobla seg på

Etter at alle vassrøyra er lagde, vil det dessverre vera enkelte strekningar som ikkje vil få kommunalt vatn. Her vil det bli nødvendig med tilleggsbevilgningar i ettertid. Ønsker ein å kobla seg på, må innbyggarane ta kostnaden med private stikkleidningar.

- På hovudleidningen vil det bli lagt til rette med uttak både til Dagsland og Hognaland, slik at husstandar kan kobla seg til viss dei ynskjer det, opplyser Odd Grønnestad, som utfører arbeidet med vassrøyra. Han legg til at vassleidningen også passerer hyttefeltet i Bakkjen på veg ut til Loten, så her er det mange som får moglegheit til å kobla seg på.

- Det vil bli flott å kunna levera eit tilbod om eit trygt- hygienisk drikkevann rundt til flesteparten av kommunen sine innbyggarar i tillegg til dei mange fritidsbustadene. Ein vil nå også få ei god løysing for dei som vil bygga litt utanfor sentrum, seier Kjell Arne Valentinsen.

- Plan- og bygningsloven er streng. Det blir sett krav til at alle skal ha tilgang til eit kontrollert, trygt, drikkevatn før det blir gitt byggeløyve, avsluttar han.

Julegåve

Atle Jøsang er svært nøgd med at Grieg Seafood på Trosnavåg får godkjent drikkevatn til dei tilsette, sannsynlegvis rundt eit halvt års tid, samstundes bekrefter han at avdelinga på Hognaland vil kobla seg til det kommunale vatnet når røyrtraséen kjem ut der.

Atle Jøsang smiler lurt når me snakkar om Grieg Seafood Rogaland og utviding. Foto: Jardar Havikbotn Jardar Havikbotn Ordføraren er sjølvsagt svært nøgd med at mesteparten av Bokn blir dekka med desse prosjekta.

- Å ha vatn til heile Bokn betyr at me kan bygga og driva næring i heile kommunen, seier han.

Meir utviding?

Under samtalen i det flotte kontorbygget til Grieg i sjøkanten med utsikt ut Trosnavågen, kjem produksjonssjefen smilande inn på at Grieg Seafood Rogaland skal utvida. Om dette blir i Bokn og eventuelt kor og korleis, vil tida visa.

- Eg trur mykje vil skje på eit par år, skyt Atle Jøsang inn. Og kven veit, kanskje vil dei 17 tilsette bli fleire om ikkje så lenge. Bemanninga er i alle fall dobla i sommar, for nå er 15 ungdommar i sommarjobb.