Bokn – Klaipeda (Litauen)/retur

Skuter – så langt auga kan sjå!

The Tall Ships Races 2017, reisebrev frå Endre Øvrebø.

Like før sommaren fekk eg høyre om regattaen The Tall Ships Races, ein seglskuteregatta som skulle gå frå Turku i Finland til Klaipeda i Litauen, eller i Østersjøen om du vil.

Bokn kommune oppmoda oss ungdommar om å søke om plass som medseglar.

- Dette må eg henge meg på!, tenkte eg.  Å vera medseglar høyrdest både spennande og interessant ut.

"Sørlandet"

Kort tid seinare mønstra eg på om bord i den flotte fullriggaren «Sørlandet». Me var heile 50 medseglarar totalt (frå Rogaland) fordelte på skutene «Sørlandet» og «Statsraad Lehmkuhl». Medan «Statsraad Lehmkuhl» enda på ein fin 3. plass i regattaen, vann skuta eg var om bord på, prisen for å vere den mest internasjonale skuta som deltok. Det var heile 17 nasjonalitetar om bord!

Skuter – så langt auga kan sjå!

Då me mønstra på laurdag 22. juli måtte me gjere oss kjende med skuta. Me måtte blant anna lære korleis brannvarslingssystemet og andre alarmar verka. Me vart delte inn i grupper og vart så tildelt oppgåver. Gruppa eg kom på fekk vakter mellom klokka åtte om morgonen og klokka tolv midt på dagen og frå klokka åtte om kvelden fram til midnatt. Me var heldige som fekk desse vaktene, for då slapp me å snu døgnet medan me var om bord. Oppgåvene me vart sett til å gjera, bestod blant anna i å signalisere om me var på kollisjonskurs med andre skuter. Ut over det måtte me passe på at me hadde fri seglingsled. Gruppene rullerte på dei fire vaktpostane heile turen.

Høgt, men trygt hang vi, godt sov me og.

84 skuter

Sundag 23. juli la me frå kai i Turku, Finland og på motorkraft tok me oss ca. 60 nautiske mil utover. Der ankra me opp og låg til neste dag. Ca. klokka 14 måndag 24. juli gjekk startskotet for regattaen. Heile 84 skuter heiste fulle segl og av gårde bar det. For meg som aldri har vore om bord i ei seglskute før var dette ei svært spesiell og minnerik oppleving; 84 skuter skulle nå konkurrere om den beste vinden, om å ta bølgene på beste måte – ja, rett og slett komme fyrst i mål.

For fyrste gong opplevde eg å verta sjøsjuk, og eit par dagar var eg nok noko bleik om nebbet. Men, det var nå ei grei erfaring det og. Då me skulle på grillparty om bord i «Statsraad Lehmkuhl» torsdagkvelden fekk me oppleve korleis det, på grunn av veret, var å ikkje kunne ta oss mellom skutene i småbåtar. Veret vart så dårleg at me rett og slett «stranda» om bord og måtte overnatte i den andre skuta til neste dag før me kunne ta oss over til «Sørlandet» att. Eg innrømmer at eg tykte best om min eigen tildelte soveplass på «Sørlandet»: Eg sov i ei hengekøye heile turen. Dette trivdest eg svært godt med.

Ei oppleving!

Vel framme i Klaipeda fekk me delta på mannskapsfesten og mannskapsparaden. Det var kjekt! Ei oppleving! Eg trivdest svært godt om bord og eg vart godt kjent med dei andre medseglarane og med mannskapet. Det var likevel Sindre, Sondre og Frank eg heldt mest lag med på turen. Eg ser fram til å halde kontakten med dei vidare. For, tida om bord gjekk fort og måndag 31. juli stod eg heime på Bokn att.

Og sola går ned i havet.

Eg har lært mykje om segling, om seglskuter, eg har lært nye ord og uttrykk på engelsk og eg har fått erfare kor kjekt det er å verte kjend med ukjende. Eg hadde slett ikkje sagt nei til å mønstre på att også neste sommar!

Helsing Endre Øvrebø

 



For meir info:
http://www.stavanger.kommune.no/no/Aktuelt/50-unge-seilte-Tall-Ships/

http://tallships.no/nb/hjem/