Sommarmarknad 2019?

Sommarmarknaden 2018 Odd Kenneth Tollaksen Informasjon frå arrangementskomitéen.

Hei, alle boknarar og tilreisande!

Fyrst og fremst vil me takka alle som har bidratt til å få sommarmarknad og dans i hamn i år og. Det ligg mange arbeidstimar bak eit slikt arrangement, alt i frå handling og kakebaking til rigging av telt og utstyr!

Me har dei siste åra hatt ein komité beståande av medlemmer frå Røde Kors, Bokn Idrettslag og Bokn Gatebilklubb. Samarbeidet oss imellom har fungert strålande!

Vil nokon overta stafettpinnen?

Men arrangementet er krevande, og arbeidet blir fordelt på svært få personar. Dessverre ser ingen av oss i komiteen syn på å fortsetta, så dersom nokon andre i bygda ynskjer å overta stafettpinnen er dei hjarteleg velkomne til å gjera det. Me skal sjølvsagt dela våre erfaringar med den/dei som vil overta.

Viss ingen melder si interesse, blir det dessverre ikkje sommarmarknad og bryggedans neste år. 

Helsing oss i Sommarmarknad-komitéen

Fleire glimt frå årets arrangement, foto: Odd Kenneth Tollaksen:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete