Oppstart, Føresvikvegen

Føresvikvegen

Onsdag 6. september tar ordføraren det første spadestikket i jorda langs Føresvikvegen.

Prosjektleiar Asbjørn Opedal i Statens vegvesen fortel at entreprenøren riggar seg til neste veke og byrjar med avgraving og tilrettelegging. Alle elevar med skuleveg i det aktuelle området får fri skuleskyss i anleggsperioden. Det blir også omkøyring, men dei har ikkje heilt bestemt kva omfanget blir.

Fortau først?

Opedal seier at endelig skiltplan enno ikkje er fastlagt, men dei ser på mogelegheita for å laga fortauet frå Bokn Arena til Hallvardskrossen ferdig først før dei byrjar på grøfter og vegbygging.

- Alle eigedommane i anleggsområdet skal ha tilkomst til ei kvar tid. Dette for å ivareta behov for Ambulanse og Brann, avsluttar Asbjørn Opedal.
 
Bakgrunn: