Nytt musikkanlegg

Øyvind Børgesen frå Helgelands Musikk monterer ny høgtalarrigg. Jardar Havikbotn  Pga. fabrikasjonsfeil blei høgtalarriggane på scenen i Bokn Arena skifta ut denne veka.

Enkelte komponentar i musikkanlegget har sporadisk ikkje fungert skikkeleg sidan det blei tatt i bruk 1. oktober 2016.

Øyvind Børgesen frå Helgelands Musikk fortel at dei lenge har hatt kontakt med leverandøren i Italia, som nå har resultert i utskifting av begge høgtalarriggane på scenen.

Dei nye riggane er litt kortare enn dei som hang der før. Dette kjem av at basshøgtalarane (sub'ane) var ein del av riggen. Desse står nå permanent på golvet, på kvar side av scenen.

Anlegg til nærmare 800 000

Utskiftinga er sjølvsagt utan kostnader for Bokn kommune og boknarane, som bør vera svært nøgde med det heile. Nå er nemleg anlegget oppgradert til eit finare og større anlegg, til nærmare 800 000 kr.

Første arrangement med nytt anlegg er Bokn musikkorps sin luciafest 8. desember.