Kulturprisen 2017

Anette og Erik Våga fekk kulturprisen 2017.

På Luciafesten 10. desember fekk Erik og Anette Våga Bokn kommune sin kulturpris 2017.  

Formannskapet si grunngjeving:

Bokn kommune sin kulturpris 2017 går til Erik og Anette Våga. Som løysningsorienterte, kreative og handlekraftige eldsjeler får dei prisen for sitt mangeårige engasjement i mykje av det som angår samfunnet Bokn. I eit folkehelseperspektiv framstår dei som ukuelege optimistar og har eit stort brennande hjarte for samfunnet og for fellesskapet. Kulturprisvinnarane tel ikkje kroner og timar, dei reknar ikkje på netter med redusert mengde søvn, men dei står på til dei når målet.

Anette og Erik Våga mottok Bokn kommune sin kulturpris 2017 av ordførar Tormod Våga.

Som både trenarar, initiativstakarar og dugnadsmotorar i Bokn Idrettslag brenn prisvinnarane for dei unge, men også for prosjekt som gagnar heile bygda. Namna deira er sterkt knytta til Alvestad nærmiljøanlegg, med realisering av både kunstgrasbane, toalettbygg og gapahuk, der Anette skaffa sistnemnde bygg fleire hundretusen kroner i støtte etter søknad gjennom Bokn Sanitetsforening.

Medan Erik gjerne er den praktiske gjennomføraren, er Anette den idérike og kreative med stilletthælløp og hønebingo på repertoaret. Ekteparet sin skapartrong kjem heile boknasamfunnet til gode; i dag og for framtida. Me håpar kulturprisen vil inspirera til vidare innsats, både for kvarandre og for sambygdingar.

Les også:

Flott Luciafest

Prisen

Frå ordførar Tormod Våga mottok dei diplom samt eit kunstverk av Gro Mukta Holter. Bildet, som er eit tresnitt og litografi, heiter "Hypnotic Blue". Holter er født i 1976 og er ein allsidig kunstnar som arbeider innafor måleri, grafikk, teikning, tekstil og installasjonar i eit figurativt uttrykk. Tematikken i arbeida hennar er ofte relatert til biologi, identitet, hugs og minner.

Ho er utdanna biletkunstnar med hovudfag i tekstil/kunstfag på SHKS/Kunsthøgskolen i Oslo i 2003. Ho har sidan vore aktiv som kunstnar og designar og bur og jobbar på Sagene i Oslo, i ein gammal kjolebutikk. Ho har omtrent åtte separatutstillingar i året, både i inn- og utland og produserer nye arbeider til kvar utstilling.

Hypnotic Blue av Gro Mukta Holter.

Trass i at måleria hennar er forankra i eit figurativt uttrykk, har bildene noko svevande og utanomjordisk over seg, som om motiva er i ferd med å forlata lerretet og rommet me er i. Fargeskalaen beveger seg i eit spekter som nærmar seg pastellar. Ho er også ein god teiknar med ein trygg strek.

Kunstnaren sjølv seier dette om bildet:

- «Hypnotic Blue» er eit tresnitt og litografi, trykka for hand i fleire omgangar på gammaldags vis. Eg jobba med pennesplitt i streken og teikna med blekk i litosteinen, det var ei krevande akt. Deretter kutta eg motivet ut i ei treplate. Eg likar gammaldags handverk og dette er eksempel på teknikk som krev tid og tolmod, framfor å få eit raskt resultat som i t.d. digital-kunst, som det er mykje av i kunstverda om dagen.

- Motivet handler om livssyklusen som me alle er ein del av, avsluttar Gro Mukta Holter. 

Kjelde: fineart.no