Flott Luciafest

Luciaopptrinn 2017

Bokn musikkorps sin adventsfest var i år den 10. desember. 

Søre del av Bokn Arena var fint pynta til lysfest, m.a. hadde teknisk avdeling sørga for eit stort juletre med 600 lys. Og endå meir stemningsfullt blei det då 4. klasse gjennomførte årets Lucia-opptrinn. Trygge barn med høge og klare stemmar, både i song og tale, vitna om at innslaget var godt innøvd.

Tonane frå Santa Lucia la seg til ro og skulekorpset (16 stk.) under dirigent Lillian Grønnestad presenterte Mary’s Boy Child og Jeg Så Mamma Kysse Nissen før Lene Vatnaland, Deborah Ognøy og Marte Alvestad mottok 5 års-medaljer.

Rekruttering

Talentfulle Ove B. Christiansen spelte solo på kornett.

12 av 13 aspirantar (instruktør: Torhild Svendsen) troppa opp og viste at rekrutteringa til korpset er veldig god. Dei var solistar i songen Spania saman med skulekorpset før dei smelte til med ein blues. Ein prestasjon av talentfulle Ove B. Christiansen blei det også tid til, då Beatles-songen All My Loving blei framført på solo-kornett. Det er ein stor prestasjon av ein tredjeklassing å spela heilt åleine ut i ein stor sal med mange tilhøyrarar, og i tillegg med ein flott klang – bravo!

Festleiar Odd Grønnestad gav ordet (musikken) vidare til Boknakoret og Aksang, med dirigent Anne Tove Øvrebø og ein strålande opplagt pianist; Lars Johannes Liknes. Her blei det Calypso-versjon av Mary’s Boy Child, En Stjerne Skinner I Natt og What A Wonderful Child, sistnemnde med skikkeleg gospel-trøkk.


Lys i alle former

Ordførar Tormod Våga snakka om kvifor me feirer Lucia.På vegne av arbeidsgruppa Lys På Turstien snakka Jørgen Nilssen om kronerullinga (såkalla Spleis) som var starta i samband med prosjektet. Innslaget passa godt på lysfesten, og han drog m.a. ein parallell til Lucia-opptrinnet og orda «Mitt lys brenne for kjærlighet» då han sa «Mitt lys brenne for Turstien».

Ordførar Tormod Våga snakka om kvifor me feirer Lucia, og etter ein god mat/drøs/bordkonkurranse-pause kom ordføraren på scenen igjen og delte ut Bokn kommune sin kulturpris til Erik og Anette Våga før Bokn Brass spelte si avdeling. Her fekk publikum høyra Det Hev Ei Rose Sprunge, Deilig Er Jorden-Parafrase, En Krybbe Var Vuggen og Joy To The World.

Festen slutta av med allsongen Deilig Er Jorden.

Fleire glimt frå festen:

 Slideshow : Luciafest 10.12.17