Hurra!

Klikk for stort bilete- Det skal bli fantastisk med eit skikkeleg piano, seier Anne Tove Øvrebø. Jardar Havikbotn Nå har Bokn Arena fått piano, som både kan brukast til kulturskuleundervisning og på ulike arrangement på huset. Instrumentet vil stå permanent på allrommet i 2. etg. og trillast ned på scenen ved behov.

Kulturskulerektor Anne Tove Øvrebø smiler ekstra breitt der ho sit og tryllar fram litt velklang på eit flott møbel som nettopp har blitt levert.

- Endeleg! Det skal bli fantastisk med eit skikkeleg piano, seier ho.

Neste veke vil det blir montert på hjul. Då kjem også pianokrakk på plass. Det vil også koma ei rettleiing for bruk av instrumentet.

Digitalt hybridpiano

Heile klaviaturet og mekanikken til pianoet, som inni har mekaniske hammarar som slår på digitale strenger, er tatt frå eit akustisk piano. Konklusjonen er då at det både ser ut som, høyrest ut som og kjennest ut som å spela på eit akustisk piano. Kan det bli betre?

Kulturskulelærar Venevil Birkelund, pianoelevar i kulturskulen, leigetakarar med pianobehov – og ikkje minst tilhøyrarar; gled dykk!