Arkeologiske utgravingar

Kristine Reiersen på Dybing-feltet på Laupland.

I tråd med reguleringsplanen til Rogfast, går det nå føre seg arkeologiske granskingar i traséen. Prosjektet er ferdig i august/september i år.

Bilde: Kristine Reiersen på Dybing-feltet på Laupland.

Rogaland fylkeskommune var i fjor og gjorde interessante funn på Dybing på Laupland og på Vågshaug. Nå er sju arkeologar frå Arkeologisk museum i Stavanger (AM) i sving på feltet, fire i utmarka på Vågshaug (steinalder-prosjekt) og tre på dyrka mark på Dybing (jernalder-prosjekt). Dei har også med seg to gravemaskinsjåførar frå Vassbakk & Stol.

Jernalderbuplass?

Arkeolog Kristine Reiersen frå Skudenes, spesialist på jernalderbusetting, er prosjektleiar på feltet som ligg langs gamlevegen til Are. Dei er for tida i den såkalla opningsfasen, og for ein arkeolog er dette julaftan, 17. mai og alt på ein gong.

- Eg håpar at me finn hus, i alle fall rester etter hus - frå jernalderen. Eg satsar i alle fall på det, seier ho entusiastisk.

På feltet er det m.a. sjakter med fleire jordlag langs sidene, noko som fortel at det har vore dyrka lenge på staden.

På feltet er det m.a. sjakter (bildet) med fleire jordlag langs sidene, noko som fortel at det har vore dyrka lenge på staden. Medan me står på jord frå istida, fortel ho meg at botanikarane er svært begeistra for dette og lærer meg eit nytt ord; stratigrafi. Det er læra om lag og lagdeling. Botanikarane  tar m.a. prøvar og samlar inn mange nyttige opplysningar til prosjektrapporten som dama frå Skudenes skal skriva.  

Moderne

Dei som trur at ein arkeolog berre går og pirkar i jorda med ei skei, må tru om igjen. I dag er det t.d. mykje bruk av fotomosaikk, der ei drone tar mange bilder med overlapp, som blir til eit langt panoramabilde av heile området. Diverse avmerkingar på området blir også innmålte digitalt slik at dei får den nøyaktige plasseringa – nyttige hjelpemidlar i informasjonsstrategi-, analyse- og dateringsarbeidet.

Reiersen viser fleire keramikkgjenstandar på feltet.

Det var spesielt eitt lag som inneheldt mykje keramikk og flint under undersøkinga i fjor, og Reiersen viser meg fleire keramikkgjenstandar (bildet) når me går rundt på feltet, bitar som ho set saman til nyttereiskapar. Dei gule pinnane, som fortel om funn, blir fleire og fleire jo lenger sør på feltet me kjem.

- Me har jo indrefileten igjen, smiler ho og peikar mot sørenden. Der har Fylkeskommunen funne flest stolpehol og busettingsspor, og ho kan nesten ikkje venta med å ta fått på opninga av feltdelen.

Open dag

I fjor hadde arkeologane eit slikt prosjekt på Kvitsøy. Då var eit spesialopplegg for skulen ein del av opplegget. Ho fortel at formidlingsavdelinga i AM vil sjå om det også i Bokn er muleg å tilrettelegga for eit pedagogisk opplegg.

- Det blir i alle fall Open dag på feltet når me har kome litt lenger ut i prosjektet, avsluttar Kristine Reiersen.