Fredagen starta med Salmer i messå, som samla både boknarar og tilreisande til ei stemningsfull og vellukka markering.
Laurdagen heldt fram med eit yrande folkeliv der haustmarknad, kafe, hoppeslott og verdas største sandkasse, i tillegg til ansiktsmaling og trebåtutstilling, skapte aktivitetar for både store og små.
Bak dette glitrande arrangementet ligg eit omfattande arbeid frå dei mange frivillige. Frå planlegging og rigging, til vakthald, rydding og alle dei små detaljane som gjer at alt flyt – mykje av dette skjer utan at publikum legg merke til det.
Den innsatsen som desse eldsjelene legg ned er uvurderleg og ein føresetnad for at slike folkefestar kan gjennomførast.
Den gode organiseringa, det varierte programmet og den varme stemninga gjennom heile helga gjorde at NM i saueklipping på Bokn vart eit heilt fantastisk arrangement – ein ekte folkefest som kommunen er stolt av å ha vore ein del av.