Verdas beste NM i saueklipping på Bokn

Bokn sau og geit feirar 50 års jubiléet sitt med å arrangera NM i saueklipping og ullhåndtering 19. og 20. september.

Arrangementsplakat - Klikk for stort bilete Bokn sau og geit

-Det blir ei allatiders boknahelg, med aktivitetar for store og små, gamle og unge, og fjerne og nære. Og for dei som er verken eller, fortel leiar i Bokn sau og geit, Emilie Moi Eikje - med entusiasme. 

Sjølv om Bokn sau og geit er eit av Rogalands minste lokallag med 35 medlemmer, brettar dei opp ermane og arrangerer Noregsmeisterskap.

-Me er 50 år i år og feirar to dagar til endes på Bokn,  ein av Noregs minste kommunar med litt over 900 innbyggjarar,  med verdens beste NM i saueklipping og ullhåndtering!

Mykje meir enn NM

Sjølv om det er eit Noregsmeisterskap, deltek det saueklipparar og ullhandterarar i alle aldre frå både innland og utland. 

-I haustsesongen er det nemleg populært for utanlandske saueklipparar å hjelpa til på norske slakteri og på gardsklipping. Me ventar deltakarar frå heile Noreg, Skandinavia, og bla dei store sauelanda Wales, Skottland, New Zealand, skyt ho inn og fortel vidare: 

-Det er mange rogalendingar som kan stilla på startstreken, som held seg stabilt i Norgestoppen i både klipping og ullhandtering. Dette gir eit ekstra press på å laga eit bra arrangement! 

Vandrepokal

Emilie fortel også at det i år er to klipparar som potensielt kan få vandrepokalen til odel og eie, om dei stikk av med sigeren i år.  Vil det bli rogalendingen Åsmund Kringeland, eller blir det Lars Sønstevoldhaugen frå Innlandet? Åsmund tapte på målstreken i fjor, og me reknar med han er revansjesugen og klar for å få vandrepokalen heim til Grinde. Og vil Tysværbuen Jonathan Gerrhard Håkull vinne ullhåndteringen for gong nr. 15?

Det er berre å møta opp og sjå.

Plakat for Salmer i messå - Klikk for stort bilete Bokn sau og geit

Flotellet MS Sandnes

For å løysa utfordringa med manglande hotell på Bokn, har dei booka veteranskipet MS Sandnes, som blir flotell for deltakarane og andre tilreisande, og set ei fin ramme rundt arrangementet nede i Føresvik. 

-For dei som eig privat hotell på fire hjul, vil det bli mogleg for camping og bubil, smiler Emilie i kjend humoristisk stil. 

Mykje liv på kaien

Emilie seier at dei har fått med mange gode samarbeidspartnarar, som gjer at dette kan bli ei helg full av aktivitet for både bønder og byfolk: 

Alt vil føregå på kaien nede i Føresvik. Det blir eit stort NM-telt for tevling i ull og klipping, med kafé og servering heile helga. Ute på kaien blir det òg full aktivitet med mellom anna trebåtutstilling, hoppeslott og ikkje minst Bokns største sandkasse! Haustmarked med lokale utstillere. Her blir det brukskunst, heimesydde kle, garn frå lokale sauer og alpakka, og det blir grilling av lam og moglegheit for å prøve geiteis! 

Mat og drikke kan ein få både på land og sjø begge dager, heile dagen!

Musikalske innslag begge dagane

På fredag har Bokn Sokneråd vore så sporty at dei inviterar til «Salmer i Messå» om bord i MS Sandnes. Østebøvikane speler kjende salmar i ny drakt. Her kan ein enten lytta, eller synga med – fart blir det uansett!

Etter at dei ferske Noregsmeistrane er kåra laurdag, inviterast det til AfterSaueklipp med fest og dans på Bokn Arena, med livemusikk frå Rabalders og Anne Tove Øvrebø, avsluttar Emilie Moi Eikje. 

Logo, Bokn sau og geit - Klikk for stort bilete Bokn Sau og geit