Statens vegvesen
Varslinga er i samsvar med plan- og bygningslova §11-14 og §3-7. Føremålet med planarbeidet er å fastsetje trasé for ny E39 frå Vestre Bokn i Bokn kommune i Rogaland, gjennom Tysvær kommune og til Bømlafjorden i Sveio kommune i Vestland. Konsekvensutgreiinga gjer greie for kva følgjer utbygginga vil få for miljø og samfunn.
Statens vegvesen har gjennomført eit omfattande planarbeid, som har resultert i to alternative vegkorridorar på strekninga frå Laupland i Bokn kommune til Bømlafjordtunnelen i Sveio kommune. Statens vegvesen si tilråding er alternativ 1.
Trykk for meir informasjon:
Plankart med føresegner, planomtale, konsekvensutgreiing, modellar og øvrige dokument
Eller sjå QR-kode:

Høyringsperioden er frå 9. februar 2026 til 23. mars 2026.
Folkemøte
I samband med høyringa blir det halde folkemøte i dei tre kommunane:
- Tysvær kommune: Måndag 16. februar kl. 18:00-21:00 i Tysværtunet
- Sveio kommune: Onsdag 18. februar kl. 18:00-21:00 i Førde samfunnshus
- Bokn kommune: Torsdag 19. februar kl. 18:00-21:00 i Bokn arena
Opne kontordagar
I samband med høyringa inviterer Statens vegvesen til opne kontordagar. Her kan du få ein-til-ein samtale med Statens vegvesen.
Følgande stadar og tidspunkt er sette opp:
- Tysvær kommune: Tysdag 3. mars kl. 12:00-19:00 i Tysværtunet, Nygaardssalen
- Sveio kommune: Onsdag 4. mars kl. 12:00-19:00 i Førde samfunnshus, kjelleren
- Bokn kommune: Torsdag 5. mars kl.12:00-19:00 i Bokn arena, Boknahåve
Slik sender du høyringsuttale
Høyringsuttalar og innspel til planarbeidet må sendast innan 23. mars 2026:
Gi innspel her
Eller sjå QR-kode:

Alternativt kan du senda innspel via:
E-post: firmapost@vegvesen.no
Brev: Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer
Merk sendinga med:
E39 Bokn–Bømlafjorden, merknad kommunedelplan, MIMEnr. 26/16457