Valet er i gong

Ragnhild Elise Våge var den første som røysta. Jardar Havikbotn

Ragnhild Elise Våge var på plass kl. 9 i stemmelokalet i Bokn Arena Hall Nord, og blei den første som røysta på valdagen 2023.

Alt ligg til rette for at valoppslutninga blir stor i Bokn, i alle fall med tanke på ein førehandsrøysteprosent på heile 28,5% - den største i Bokn gjennom tidene. Det er 707 røysteføre i år.

Du kan også røysta på kyrkjevalet i same lokalet. Jardar Havikbotn

Frammøteprosenten for kommunestyrevalet for fire år sidan var på 75,6%.

 

 

 

 

 

 

 

Ordførar Osmund Våga røysta også i løpet av den første halvtimen. Jardar Havikbotn