Utstilling av vevarbeid

13. november inviterte Bokn historielag, Bokn vevstove og Bokn hjelper Ukraina til ei utstilling av gamle og nye vevde artiklar i Kyrkjebygd kulturhus.

Av Gunn Grønnestad

Bildet viser den faste vevegjengen: Brit Holberg, Grete Kro, Liv Lie, Monika Våge, Ragna Alvestad, Ingunn Våge og Wenche Jøsang. Dei seier det er plass til fleire. - Klikk for stort bileteFast vevegjeng: Brit Holberg, Grete Kro, Liv Lie, Monika Våge, Ragna Alvestad, Ingunn Våge og Wenche Jøsang. Dei seier det er plass til fleire. Gunn Grønnestad

I 50 år har driftige damer møttest i eit godt sosialt fellesskap på Kyrkjebygd skule for å føra vidare gamle veveteknikkar, diskutera garn, fargesamansetningar, kunnskap om veving og løysa store og små problem. 

Imponerande

Nå har dei hatt utstilling, med god oppslutning av bygdefolket, og me har verkeleg latt oss imponera. Wenche Jøsang og Ingjerd Ellingsen orienterte om oppstarten og drifta fram til i dag. Mange av dei 10 flatvevene dei disponerer er veldig gamle, og mange av dei kvinnene som deltok frå starten er gått bort, men fellesskapet og interessa for veving blir halden ved like.

Les også:

Tradisjonsberarar

Takksemd

Dei uttrykker også takksemd overfor kommunen - at dei har fått nytta lokalet i så mange år. Dette er ein plasskrevande aktivitet, som ikkje hadde vore mogleg å driva som lag utan denne støtta.

Fleire bilde frå hendinga: