Utleige

Allrommet etter ombygginga.Allrommet på Boknatun er ikkje lenger eit lager. Med nye vindauge og nye skap er det klart for utleige. Som tidlegare kan interesserte booka rommet ved å ta kontakt med Servicetorget eller kulturkontoret.

Serviset er plassert i dei nye skapa.Utleigekjøkkenet har steamer.Utleigekjøkkenet er også større enn før ombygginga og inneheld m.a. stor oppvaskmaskin (steamer). Som bildet fortel er serviset plassert i dei nye skapa i Allrommet. Kjøkkenet har ikkje kasserollar og leigetakarar som har behov for å koka mat, må ha med seg dette, samt anna matlagingsutstyr sjølv.

Utleigesatsen er, etter kommunestyrevedtak 015/14, kr. 300 for dagarrangement og kr. 1.000 for kveldsarrangement. Lag og organisasjonar i Bokn kommune har fritak for betaling.