Utekino på Nærmiljøanlegget

Ungdomsrådet vil arrangera utekino for å samla ungdom på Bokn og i nabokommunane. 

Bilde av ungdomsrådet ved inngangen på Nærmiljøanlegget. - Klikk for stort bileteUngdomsrådet fv. Eskil Bryningsland, Sanne Øvrebø, Magne Røsdal Lund, Noah Hesthammer, Truls Foss og Espen Ognøy Våge. Cato ML Ekrene

Dei vil skapa eit nytt kinokonsept for å sjå om det kan slå an her på Bokn!  

Alvestad nærmiljøanlegg

Ungdomsrådet står med bommen til Nærmiljøanlegget og tar imot billettar denne kvelden. Besøkande kan kjøpa billett på nett i forkant, eller på plassen.  

Elevrådet på Bokn skule saman med 9. klasse vil blant anna selja pølser, hamburger, kakao, brus, chips, godteri – alt som kan frista på kino.  

Plakat til utekinoen - Klikk for stort bilete Bygdekinoen

Ta på deg gode, varme klede etter véret og noko å sitta på (campingstol, strandstol), lurt med eit sitteunderlag og 😀

To norske filmar

Under open himmel får du kl.  18 gleda av å sjå norgespremiera på årets vakraste juleeventyr for heile familien. Du kjem garantert i førjulsstemning 🎅. 

Og kl. 20 er det klart for den klassiske bilfilmen Børning - action og humor i ekstraordinært bilrace fra Oslo til Nordkapp!

Filmene blir viste i full 4K og Digital 5.1 🔊

Høg lyd

Utearrangementet vil medføra ein del lyd frå Nærmiljøanlegget denne fredagskvelden - nærmare bestemt i tidsrommet kl. 17:30 - 22:00. 

Hjarteleg velkommen!

Dette blir kjempegøy, og me forventer mykje folk på Nærmiljøanlegget. Me gler oss stort te å sjå deg på kino fredag 7. november! 

Kinoen blir flytta til Auditoriet dersom véret blir for stygt.